Her blir Nordic Fenders første utekontor lokalisert. Foto: Nordic Fender

Nordic Fender utvidar til Dubai

Nordic Fender, med hovudkontor på Husnes i Vestland utvidar verksemda ved å åpne kontor i Dubai. 

Publisert Sist oppdatert

- Dubai er eit av dei store, maritime knutepunkta i verda så for oss er dette heilt rett plass å opne vårt fyrste utekontor. Det er svært stor aktivitet i området og det er viktig for oss å vere der kundane er, seier styreleiar i Nordic Fender, Styrk Bekkenes, i ei pressemelding.

Til å leie kontoret i Dubai har selskapet tilsett Jacob Matthew. Han har brei erfaring frå maritim bransje og har jobba i ei årrekkje med nettopp sal av fenderprodukt.

Jacob Mathew er tilsett for å drive kontoret i Dubai. Foto: Nordic Fender

- Eg er svært stolt over å vere ein del av denne satsinga og ser verkeleg fram til å kunne tilby produkta våre til kundar i Midtausten, seier Matthews.

I tillegg til nysal og service vil kontoret i Dubai også byggje opp og administrere eit stort fenderlager som selskapet er i ferd med å etablere. 

Nordic Fender er ein nystarta aktør innan marine fenderløysingar. Ved hjelp av strategisk plasserte lagerlokasjonar satsar Nordic Fender på å tiltrekkja seg ei stor kundegruppe. Nordic Fender har hovudkontor på Husnes i Vestland fylke.