«Nexans Aurora» er på prøvetur i disse dager. Foto: Ulstein Group

«Nexans Aurora» på prøvetur

Snødekte fjelltoppar, grøne åssider og ei strålande sol på blå himmel skapte rammene rundt ‘Lady in red’, kabelleggingsskipet «Nexans Aurora», som er på prøvetur denne veka. Stemninga om bord er like solskinsblid.

Publisert Sist oppdatert

Prøveturen starta med verftet sine testar frå måndag 3. mai, og gjekk over til den ‘offisielle’, tekniske prøveturen frå 5. mai, melder Ulstein Group.

Tore Haugen og Jørgen Fosse frå Bergen Engines mønstra på allereie på måndagen. Då dei etter to dagar om bord vart intervjua, var kommentaren ‘Så langt – så godt’, og understreka at det meste av motortestinga hadde vorte gjort før prøveturen, så oppgåvene deira er å halde seg klare dersom noko skulle skje. Om ingenting utanom det vanlege skulle hende, kan dei halde fram med å nyte sola og naturen.

Ein kort samtale med Terje Vestad og Jørgen Toft frå thruster-leverandøren Brunvoll styrkar førsteinntrykket. Måndag hadde dei ein ganske hektisk dag, noko som er ganske naturleg når thrusterane skal testast. Då desse var ok og sjekka ut, kunne dei kommentere at ‘ting har gått bra og etter planen’.

Nokre vil hevde at den viktigaste funksjonen til eit skip er byssa. Daniel og Ovar Hatløy er innleigde som stuertar. Også frå dei kjem den same tilbakemeldinga: - Alt fungerer bra og held ein høg standard, seier dei. Når vi spør folk om bord om maten dei får servert får vi tommel opp som svar.

Foto: Ulstein Group

Grundig jobb gir gode resultat

- Det er ikkje uvanleg med såkalla ‘blackouts’ på prøveturar, seier Nexans sin tekniske sjef, Knut Flage. Han følgjer opp med å seie: - Så langt har vi ikkje opplevd noko av det slaget på ‘«Nexans Aurora». Knut forklarar at Ulstein Verft har gjort ein grundig jobb frå starten, og det er resultatet av dette ein no opplever.

- Denne måten å jobbe på er ikkje alltid standarden, i mange skipsbyggingsprosjekt vert ikkje testing og gjennomkøyringar på verftet nok prioritert. Og dette resulterer ofte i meir kompliserte prøveturar, kommenterer han.

Dei gode prøvetursresultata så langt er også ein stor takk til leverandørane. - Komponentar av høg kvalitet, levering i tide og den samla gjennomføringa av arbeidet har resultert i langt mindre feil enn vanleg på slike prøveturar. Mykje av det harde arbeidet har vore utført fram til dette punktet, seier Knut, no kjennest prøveturen mest som ein ferie.

- Likevel, forklarar Knut, så er det alltid litt spenning når alle systema blir testa saman og over tid. Prøveturen vil halde fram i nokre dagar til, men på dette tidspunktet kan vi seie at har alt gått som det skal.

- Vi er veldig nøgde med korleis løysinga har blitt sett saman, seier Frode Beyer, som er Nexans sin prosjektleiar. Han følgjer opp med å seie: - Dette fartøyet er sofistikert, men konvensjonelt. Ho er designa for oppgåvene ho skal gjere, men tek i bruk godt utprøvde komponentar og løysingar frå kvalitetsleverandørar.

Kvalitet er viktig

- Nexans tek leiing i energiskiftet ved å tilby berekraftige og dekarboniserte energiløysingar. Det er mykje som står på spel når eit skip som «Nexans Aurora» skal utføre operasjonar for kundane og «Nexans Aurora» er skreddarsydd for den risikoen vi er involverte i, seier Frode Beyer.

Han forklarar at Nexans er forplikta til å kunne overta fartøyet til planlagt tid og til avtalt kvalitet.

- Vi kan ikkje ta oss råd til usikkerheit, seier han. - Når ein skal elektrifisere regionar og land, må Nexans levere 100% pålitelege løysingar. Straumbrot er ikkje eit alternativ.

Knut legg til: - Dette speglar av kva folk vi vel å samarbeide med. Kundane våre forventar mykje av oss, og dette påverkar avgjerslene vi må ta for å finne ut kven vi skal jobbe med. Ulstein Verft har vore ein god partnar for oss.

Foto: Ulstein Group

Handtering av Covid-19

- Sjølv om vi har styrt dette prosjektet gjennom ein verdsomspennande pandemi, har vi nådd kvar milepåle, seier Frode. Han held fram med å seie at måten Ulstein har tatt alle naudsynte forholdsreglar på har vore veldig verdifull for Nexans, og summerer opp: - Ulstein har takla Covid-19-situasjonen på ein måte som er i verdsklasse. Handteringa av dette er innarbeidd i organisasjonen og har vore veldig rasjonell. Utfordringa med Covid-19 har blitt tatt på alvor frå første dag på Ulstein.

Siste innspurt før levering

Prøveturen vil bli avslutta i første del av veke 19. Hans Karsten Voldsund er Ulstein Verft sin prosjektleiar. – Det er mykje å tenke på, men eg har veldig god hjelp frå folka rundt meg, seier han. Det heile ser greitt ut, sjølv om det enno er mange testar som må verte gjort. Og det står framleis att arbeid på verftet før levering om nokre få veker.

- Vi må fullføre utrustinga av fartøyet, gjere ferdig nokre malingsjobbar, alt må ryddast opp og sjå bra ut til levering. Vi vil også køyre nokre testar på A-ramma og nokre av vinsjane for å sjekke hydraulikken og funksjonane på desse systema.