Myklebust har snudd minus til pluss i 2018-regnskapet. Foto: Myklebust Verft AS

Myklebust i siget - endelig pluss

Etter tre magre år vart det pluss i rekneskapen for Myklebust Verft AS. 

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Det vart eit positivt driftsresultat på 4,6 millionar kroner for Myklebust Verft i 2018. Resultat før skatt enda på -1,0 million kroner. Etter tre år med store underskot – samla 125 millionar kroner – er tapsrekkja over. I ei pressemelding frå verftet idag, presenterer selskapet 2018 tala.

– 2018 har vore eit viktig år knytt til omstilling og levering av 6 nybygg, etter fleire år med tap. Året var prega av svært høg aktivitet, med 26 ettermarknadsoppdrag (23 dokkingar) parallelt med nybygga, seier dagleg leiar Inge-Jonny Hide.

Myklebust Verft AS:
Årsresultat i MNOK.     2018         2017
Driftsinntekter              805,7    1 528,8
Driftsresultat                    4,6        -74,1
Resultat før skatt            -1,0        -77,7
Resultat etter skatt         -1,2        -77,7

Myklebust Verft Invest AS (Tidlegare Kleven Maritime Invest AS)
- Myklebust-konsernet i pluss.
Konsernet hadde i 2018 driftsinntekter på 2 140,1 millionar kroner. Konsernrekneskapen enda for 2018 med eit overskot på 48,7 millionar kroner før skatt. I hovudsak skuldast resultatet balansemessige endringar i høve Hurtigruten sitt oppkjøp av tre Kleven-selskap frå konsernet (Kleven Verft AS, Kleven Maritime Contracting AS og Kleven Maritime Technology AS). Dei nemnte selskapa inngår i konsernrekneskapen til og med 30.06.2018, då selskapa vart utskilt frå konsernet. For konsernet blei 2018 eit spesielt år med skifte av namn, større strukturmessige endringar og delvis etablering av ny organisasjon.

Myklebust Verft Invest AS – Konsern:
Årsresultat i MNOK.       2018         2017
Driftsinntekter              2 140,1      645,8
Driftsresultat                     92,6     -258,3
Resultat før skatt              48,7     -282,1
Resultat etter skatt           48,4     -282,1

Positiv start på 2019
Første halvår i 2019 har vore prega av høg aktivitet ved Myklebust der dei største oppdraga har vore lokale kundar som til dømes Sanco Shipping og Island Offshore. Med AKOFS-kontrakten som blei inngått i februar lykkast verftet med å hale i land det største ombyggingsoppdraget til no. Mesteparten av arbeidet med AKOFS Seafarer skal vere utført innan oktober 2019. I juni kunne Myklebust offentleggjere nybyggingskontrakt nr. 75. Det er reiarlaget Sølvtrans som kjem tilbake til verftet for å bygge ein forlenga versjon av søsterskipa Ronja Ocean og Ronia Diamond som blei levert i 2017. Levering av brønnbåten er kontraktsfesta til mars 2021. For å styrke organisasjonen innan ei rekkje område har det så langt i 2019 blitt tilsett 15 nye medarbeidarar.