Gå til innhold
Annonse

MS «Vesterålen» bygges om hos Green Yard Kleven

Hurtigruteskipet MS «Vesterålen» kjem til Green Yard Kleven for eit ombyggingsoppdrag. Foto: Maggie Strutt, Hurtigruten
Hurtigruteskipet MS «Vesterålen» kjem til Green Yard Kleven for eit ombyggingsoppdrag. Foto: Maggie Strutt, Hurtigruten

Hurtigruteskipet MS «Vesterålen» kjem til Green Yard Kleven for å utføre ei ombygging. Arbeidet er venta å starte opp i veke 43.

Annonse

-Vi er veldig glade for at Hurtigruten gir oss tilliten til å utføre dette oppdraget. Det gir oss moglegheit til å tilsette enno fleire og ta eit steg vidare for å bygge opp og behalde viktig kompetanse ved verftet, seier Kjetil Bollestad, administrerande direktør i Green Yard Kleven i ei pressemelding.

Green Yard Kleven skal installere eit nytt system for gangveg på MS «Vesterålen». Dette inneber å bygge ei ny sjakt som går over tre dekk, med tilhøyrande ombygging av innreiing og dører. Oppdraget gir også arbeid for lokale leverandørar. Mellom anna skal Hareid Group stå for elektroinnstallasjon, og sjølve gangvegmodulen skal leverast av Ulmatec.

- Det er godt å vere tilbake på Kleven, og vi synes det var kjekt at våre gode vener på Kleven leverte det beste tilbodet. Vi bruker tida godt medan skipa ligg i opplag til å gjere planlagt vedlikehald og oppgraderingar. Då skaper vi samstundes aktivitet i den maritime næringa fleire stadar på kysten, seier pressevakt Tarjei Kramviken i Hurtigruten.

MS «Vesterålen» er nyleg blitt oppgradert, og har mellom anna splitter nye motorar som gjer skipet til eit lavutslepp-skip. MS «Vesterålen» skal gå rutetrafikken mellom Bergen og Kirkenes fram til 2030.

-Vi ønsker Hurtigruten velkomen tilbake til verftet og ser fram til eit fortsatt godt samarbeid!

I tillegg til arbeidet med MS «Vesterålen», arbeider Green Yard Kleven for tida med oppgradering av lekteren Boabarges 33 for Boa Barges AS, samt ombygging av trål/snurrevad- fartøyet «Nordbas» for NordnesGruppen AS. 

Annonse