"Edda Fides".

Langtidskontrakt på DP-tenester

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Sebastian AS har teikna ein langtidskontrakt med Østensjø Rederi AS i Haugesund. Kontrakten har ein rammeavtale på fem år, der Sebastian først og fremst skal levere DP-relaterte tenester til fartøy som reiarlaget driv.

– Marknaden innan olje og offshore er tung for tida, og der er vanskeleg å skaffe seg slike kontraktar både for store og små selskap. Derfor er vi stolte av at vi har klart å sikre oss ein femårsavtale. Vi kjenner Østensjø som eit veldrive og godt reiarlag og er glade for å vere ein av deira samarbeidspartnarar, kommenterer dagleg leiar Johannes Kr. Bjøringsøy i Sebastian.

Selskapet har spesialisert seg på teknisk og operasjonell kompetanse knytt til system på avanserte offshorefartøy og mobile offshoreinstallasjonar. Bjøringsøy meiner Sebastian har utvikla det beste verktøyet og samla den beste kunnskapen med tanke på å forhindre operasjonelle avbrot, nedetid, uhell og ulykker.

Østensjø Rederi AS er eit stort reiarlag som driv innan både offshore, taubåttenester og store hotellskip. Sidan starten i 1974 har reiarlaget bygd opp milliardverdiar og har i dag 28 skip samt 9 nybygg under produksjon. Selskapet har over 500 tilsette.

Rammeavtalen inneber at Sebastian utfører teknisk analyse av fartøy, yte assistanse i samband med operasjonelle styringssystem – og syte for ei effektiv gjennomføring av FMEA-tenestene (Failure Modes an Effects Analysis).

Med 20 års erfaring innan olje og maritim industri har Sebastian samla opp kunnskap og erfaring over ein brei skala. Teamet i selskapet har omfattande erfaring frå arbeid på verft, mobile offshoreinstallasjonar og om bord i skip.