I statsbudsjettet for 2018 foreslår regjeringa ei ny låne- og garantiordning for kjøp av skip frå norske verft, når desse skipa skal brukast i Noreg. Regjeringa foreslår ei garantiramme på 10 milliardar kroner i 2018.

Ordninga vil omfatte finansiering av til dømes fiskebåtar, ferjer, brønnbåtar og hurtigbåtar, og finansieringa vil bli gitt på marknadsvilkår.

- På denne måten bidrar vi til å skape auka aktivitet i verfta og til at kompetansen blir i Noreg, seier næringsminister Monica Mæland (H) i ei pressemelding.