Havila argumenterer med markedsituasjonen når de søker Samferdselsdepartementet om å utsette oppstart for Kystruten. Foto: Havila.

Havila søker om å utsette oppstart av Kystruten

Havila søker samferdselsdepartementet om å utsette oppstart av Kystruten, så de slipper å leie erstatningsskip. I stedet ønsker selskapet å starte opp når deres to egne skip blir klare i løpet av første kvartal neste år.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Dei to første av dei nye skipa til Havila Kystruten er klare i løpet av første kvartal 2021, skriv selskapet i søknaden til Samferdselsdepartementet. Då vert desse tekne til Norge og sett i trafikk så raskt som råd, går det fram. I  påvente av dei nye skipa og i lys av marknadssituasjonen, har Havila Kystruten no anmoda Samferdselsdepartementet om ei avklaring rundt kva departementet meiner om behovet for skip på kystruta gjennom vinteren, og også om det virkelig trengst erstatningsfartøy.

Søker om utsettelse av oppstart

Havila Kystruten har søkt Samferdselsdepartementet om å ikkje segle med erstatningsfartøy frå januar 2021.

Administrerande direktør i Havila Kystruten, Arild Myrvoll, seier koronapandemien og reiserestriksjonar gjer at det er behov for færre skip på kystruta mellom Kirkenes og Bergen frå januar 2021, og slik han ser det, er det ikkje behov for erstatningsskip for Havila Kystruten. Han har difor anmoda Samferdselsdepartementet om aksept for å ikkje bruke erstatningsfartøy.

Så lenge koronaen herjar og det er strenge reiserestriksjonar, så gjer marknadssituasjonen at det ikkje er behov for full trafikk på kystruta. Vi har difor bede Samferdselsdepartementet om ei avklaring rundt kva som blir forventa, og også om dei meiner det trengst erstatningsfartøy.

Nye skip første kvartal 2021

Havila Kystruten har avtale med Samferdselsdepartementet om å segle fire av dei elleve skipa på den tradisjonsrike kystruta frå Bergen til Kirkenes frå 1. januar 2021 med nye og miljøvenlege skip.

Koronapandemien har påverka bygginga av dei nye skipa slik at dei to første ikkje blir klare før i løpet av første kvartal 2021, men Arild Myrvollseier desse då vert tekne til Norge og sett i trafikk så raskt som råd.

Ser fram til å kome i drift

Kor lenge det vil gå før Havila Kystruten kan segle med fleire skip er det svært vanskeleg å seie noko konkret om, seier Myrvoll.  

Det kjem an på korleis pandemien utviklar seg, kva tid vi får vaksine og kva tid folk får lov – og vil – reise igjen. Men når det skjer, då skal vi vere klare til å gi folk god og trygg transport på kystruta.

Myrvoll seier han forstår godt folk sin frustrasjon over færre skip på ruta, og at han sjølv også er utålmodig etter å kome i gang med å bli ein del av kystbefolkninga sin kvardag og gi nødvendig transport av folk og gods. 

Men slik situasjonen er no med så få reisande, er det dessverre ikkje muleg å drive alle skipa på ruta langs kysten. Vi veit og forstår at det gjer det vanskeleg for folk langs kysten, og vi ser fram til å kome i gang med drift og full kapasitet, seier Myrvoll.