GulenSkyss bygger ny ambulansebåt til 110 millionar kroner etter at dei vann kontrakt i Sunnhordland. Illustrasjon: GulenSkyss

GulenSkyss vant ambulansekontrakt - bygger ny båt

GulenSkyss fekk kontrakten på drift av ambulansebåt i Sunnhordalandsbassenget. Ambulansen er stasjonert på Sunde i Kvinnherad og er landets mest brukte ambulansebåt. No bygger dei ny båt.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kontrakten er på 6 år fast, med opsjon på 2 år pluss 2 år.

- Kontrakten betyr mykje for oss i GulenSkyss då me får 6 nye tilsette med på laget! Me er opptekne av å skape arbeidsplassar i distriktet, og med denne kontrakten er det også mogleg at me lyt oppbemanne hovudkontoret vårt i Eivindvik, fortel driftsleiar Daniel Kvernøy til Skipsrevyen.

Det var stor kamp om kontrakten med heile 8 tilbydarar. Ifølge Daniel Kvernøy var ikkje GulenSkyss den billegaste.

- Me var best på kvalitet. Og etter ei samla vurdering kom Helseføretaket fram til at vårt tilbod var det beste, legg han til.

Ny båt til 110 mill.

Det vil bli bygd ein ny ambulansebåt til bruk i denne kontrakten, byggjeverftet er ikkje avgjort endå, men ei avgjersle vil bli tatt rett over påske.

- Båten vil bli bygd i eit lettvekts materiale her i Noreg. Me har jobba med utforminga av denne båten, både sjukelugaren og skroget, heilt sidan januar 2015. Båten er designa av Petter Martens i Berserk Design AS. Kontrakten har ein totalverdi på over 110 millionar kroner, seier driftsleiar Daniel Kvernøy.