Det er viktig å ha oversikt over kor mange passasjerar som er om bord under overfarten. Illustrasjonsfoto: Gustav-Erik Blaalid

Gode resultat frå tilsyn om passasjertelling

I fjor haust varsla Sjøfartsdirektoratet at dei ville ha auka fokus på kontroll av telling av passasjerar på ferjer. Totalt blei det utført 38 tilsyn, der inspektørar sjekka om ferjemannskapet hadde system for passasjertelling, og om systema blei fulgte. Resultatet var svært positivt.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

På alle desse tilsyna blei det berre gjort eitt funn, og det gjekk på at kapteinen ikkje hadde full kontroll på kor mange av mannskapet som var om bord til ei kvar tid. Elles kunne alle visa at dei hadde systema i orden og at desse blei etterfulgte, skriv Sjøfartsdirektoratet på eigen sider.  

- Vi er godt nøgde med resultatet frå kampanjen. Me informerte breidt om dette i forkant, og det ser ut til å ha hatt ein preventiv effekt, seier Thomas Angell Bergh, som er underdirektør for inspeksjon, revisjon og beredskap i direktoratet.  

Viktig tryggingstiltak

Dei første kontrollane etter at det blei innført autopass på ein del strekningar i 2019 viste at fleire reiarlag ikkje hadde god nok kontroll på passasjertalet om bord. Etter dette blei det sett inn fleire tiltak for å styrke dette arbeidet, og inspeksjonskampanjen i haust blei gjort for å sjå om tiltaka har hatt ønska effekt.  

- At tilsynskampanjen er over betyr ikkje at me ikkje skal følga dette opp vidare, dette er også ein del av våre ordinære tilsyn, påpeiker Angell Bergh.  

Teljing av passasjerar er eit viktig tryggingstiltak, som skal gje skipsførar kontroll på at det ikkje er fleire om bord enn det fartøyet er godkjent for. I ein krisesituasjon vil det også vera avgjerande å veta kor mange som er om bord, slik at ein har nok bergingsressursar tilgjengeleg. 

Kampanjen, som gjekk frå 1. november til 31. desember 2020, tok for seg ulike ferjesamband langs kysten, drifta av fleire ulike reiarlag.