Bent Martini blir ny CEO i Kystruten. Foto: Kystruten.

Bent Martini blir CEO i Kystruten

Bent Martini blir ny CEO i Kystruten.

Publisert Sist oppdatert

Bent Martini vert ny administrerande direktør i Havila Kystruten, skriver selskapet i en pressemelding. Han startar i stillinga i august. Styreleiar i Havila Kystruten, Per Sævik, er glad for å ha fått på plass ein ny leiar med dei kvalifikasjonar og kompetanse som trengst for å ta selskapet vidare, heiter det i ei pressemelding. 

- Vi hadde fleire sterke kandidatar, og er glade for å kunne ønskje Bent Martini velkomen og med på laget. Han har erfaring og kjenner bransjen samtidig som han er nytenkande og har levert gode resultat både innan organisjons- og teknologiutvikling.

Vidareutvikling av verdas vakraste sjøreise

Martini har brei og relevant erfaring frå maritim verksemd både på sjø og land med bakgrunn frå Forsvaret, Klaveness-reiarlaget og Hurtigruten. Bent Martini er pålagt karantene frå tidlegare arbeidsgivar, og startar hos Havila Kystruten 9. august. Han er busett i Asker og skal vekependle til Fosnavåg og hovudkontoret til Havila Kystruten.

Bent Martini seier han ser fram til å starte i Havila Kystruten.

- Å få arbeide med eit nytt og spennande selskap som Havila Kystruten og vidareutvikle den tradisjonsrike kystreisa, det ser eg på som ein draumejobb, sier han.

Havila Kystruten har avtale med Samferdselsdepartementet om fire av dei elleve seglingane på kystreisa mellom Bergen og Kirkenes. Havila bygger fire nye og miljøvenlege passasjerskip som skal trafikkere strekninga. Dei to første kjem i løpet av sommaren og dei to neste i andre kvartal 2022.