Alle dei som skal halde fram i arbeidslivet vil flytte over til Havila kystruten. Foto: Havila Kystruten

Alle blir med frå Hurtigruten til Havila Kystruten

Når fristen no er ute, viser det seg at alle dei tilsette i Hurtigruten som fekk tilbod om å gå over til Havila Kystruten, greip sjansen

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Havila Kystruten tek frå januar 2021 over drifta av fire av dei elleve seglingane på strekninga Bergen-Kirkenes. Ein del av avtalen med Samferdselsdepartementet var verksemdsoverdraging der dei tilsette på dei fire skipa til Hurtigruten som skal ut av kyst-trafikk, skulle få tilbod om arbeid hos Havila Kystruten.

Når fristen for å melde frå om mannskapet ønskjer overgang til nytt reiarlag er ute, viser det seg at alle dei som skal halde fram i arbeidslivet vil flytte over til Havila kystruten, heiter det i ein pressemelding mandag.

HR-direktør i Havila Kystruten, Monica Nipen, seier dette er svært gledeleg.

- Vi håper og trur det betyr at dei ser på Havila Kystruten som ein solid arbeidsgjevar og at dei vil få ein god arbeidsplass her hos oss.

HR-direktør i Havila Kystruten, Monica Nipen, er glad for at alle blir med over til det nye selskapet. Foto: Havila Kystruten

Attraktivt

Inkludert 25 lærlingar er det 386 personar som har meldt frå om at dei blir med over til Havila Kystruten. I tillegg er det nokre som har vald å pensjonere seg.

Monica Nipen har møtt mange av dei tilsette og fortel om gode møte og positive tilbakemeldingar. 

- Eg har møtt berre velvilje og innsatsvilje. Mange har også sagt i frå om at dersom det er behov for dei før nyttårsskiftet 2020/2021, så kjem dei gjerne før.

Mannskapet har same tariffavtale og løn om bord i dei to reiarlaga, men Monica Nipen fortel det var fleire ting som mannskapet løfta fram som attraktivt med eit skifte.

- Noko av det er at vi etterkvart får berre nye skip med store, gode einmannslugarar og flotte fellesareal for mannskapet . 

Trygge, berekraftige og opplevingsrike seglasar

På informasjonsmøta med mannskapet vart det også lagt vekt på at Havila Kystruten skal bygge fellesskap og delingskultur om bord der sikkerheit, nytenking og omsyn til miljø skal stå i fokus. 

- Gjennom mannskapet sine ulike erfaringar, personlegheiter og fagkompetanse skal dei gi trygge, berekraftige og opplevingsrike seglasar. Slik skal vi skape minne for livet for dei som reiser – og levedyktige samfunn for dei som bur langs kysten.

Monica Nipen er oppteken av at Havila Kystruten skal ha ein delingskultur.

- Vi er i same båt og det er gjennom samhandling vi kan greie å skape og vidareutvikle kystruten til ein arbeidsplass og ei reiseoppleving der vi både tek vare på både miljøet om bord og miljøet og naturen vi seglar i.

Fleire stillingar

Sjølv om Havila Kystruten tek over mannskap frå fire hurtigruter, vil ein trenge fleire tilsette. Det skal byggast ein heilt ny organisasjon både på land og sjø, og fleire stillingar i administrasjonen er no utlyste. Når det gjeld stillingar som seglande, vert dei lyst ut på seinsommaren.