Har levert sin andre arbeidskatamaran i denne storleiken
Det er Bakkafrost som har fått overlevert fartøyet frå KJ i Færøyane.
Fartøyet har fått namnet «Miðenni» og vert stasjonert i Kollafjørður på Færøyene.
Det er den 63. katamaranen selskapet har levert, men den andre katamaran i denne storleiken. Det er den største arbeidskatamaranen KJ har har levert til Bakkafrost.
Fartøyet er 20 meter langt, og ni meter breitt. Dekket har mellom anna to Plafinger marinekraner, ei 90tm kran på styrbordside bak, og ein 33tm kran nær styrehuset.
I tillegg rommar dekket ein 20-tonns vinsj, tre 3-tonns capstaner og eit hydraulisk skap for koplingsskiver, noko som skal betra sikkerheitstiltaka for mannskapet om bord ifølgje pressemeldinga.
Doble Iveco C13 motorar, med 500 hestekrefter, og to baugpropellar skal stå for framdrift til «Miðenni». Fartøyet har i tillegg ein 119 KVA generator som skal driva alle elektroniske system om bord. Katamaranen skal i løpet av komande året bli utrusta med DP-utstyr, som ifølgje pressemeldinga vert naudsynt utstyr i eit røft vinterhav.
Administrerande direktør i KJ, Viggo Johannesen, fortel at dei merkar aukande etterspurnad etter større katamaraner. Han stadfestar òg at dei har levert to katamaraner i denne storleiken til den færøyske havbruksnæringa so langt.
- Det er aukande konsensus, både innlands og globalt, om at denne etterspurnaden vil halda fram å auka, seier han, og legg til at KJ er budde for å imøtekoma den aukande marknaden.
Les også:
-
Nytt skrogdesign gir opp til 50 prosent lavere energibruk
Moen Marin har bygget et nytt, integrert skrogdesign som i interne tester har vist energibesparelser på opptil 50 prosent sammenliknet med tradisjonelle arbeidsbåtskrog.
-
Nytt ProZero-fartøy til Kristiansand kommune
Kristiansand styrker samarbeidet med Skjærgårdstjenesten med nytt arbeidsfartøy for krevende oppdrag.
-
Fikk overlevert nytt fartøy
Nærøysund Aquaservice har fått overlevert ROV-båten «Marøysund», bygget av Skarsvaag Boats.
-
Ny elbåt til Bjørøya satt i drift
Moen Marin har nylig overlevert en ny arbeidsbåt til oppdretter Bjørøya.
-
Milliardinvestering i nye brønnbåter
Bakkafrost investerer i to nye brønnbåter – én til Skottland og én enda større til Færøyene – som del av en storstilt satsing på fiskehelse og biosikkerhet.