
Mange ville møte Sjøfartsdirektoratet
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Olav Akselsen hadde eit uttalt mål om å gjere Sjøfartsdirektoratet meir tilgjengeleg, då han tok over direktørjobben for sju år sidan. I går kom rundt hundre kundar innom Smedasundet 50A.
Av Vidar Alfarnes
Sjøsikkerhetskonferansen 2017 startar i dag, og som eit lite vorspiel inviterte direktoratet til ope hus, for sjuande år på rad.
– I byrjinga var dei nye kollegane mine litt usikre på kva dette ville føre med seg. Om det rett og slett ville dukke opp ein gjeng med aggressive og småsinte kundar for å kjefte på oss. Heldigvis tok det ikkje lang tid før dette vart oppfatta som eit særs hyggeleg arrangement. Og no gler heile organisasjonen seg til å få dette årlege innrykket. Frå å vera vel 20 gjester første gong, kom det 90 på dagtid i går. Først hadde fleire av oss innlegg, før kundane fekk møte sakshandsamarar andlet til andlet, forklarar Akselsen.
Ein av dei som nytta sjansen til å få snakke direkte med folk i direktoratet, var rådgjevar Per Christian Stubban i NHO Sjøfart.
– Vi representerer 30 reiarlag, og då er det sjølvsagt mange ulike problemstillingar som er aktuelle. I dag har eg mellom anna snakka med sakshandsamarar om arbeidstid, bemanning, driftsordningar og tryggleik til sjøs, fortel Stubban.
– Det er også veldig bra at vi får ei svært informativ oppsummering om status for Sjøfartsdirektoratet sine arbeidsoppgåver i kvardagen, og ikkje minst kva som står på timeplanen framover.
Yngve Folven Bergesen var ein av dei som fekk mange besøk denne tysdag ettermiddagen.
– Avdelinga vår, Sjøfolk, hadde sikkert 15 personar innom. Mange ville snakke om kvalifikasjonskrav på mindre farty. Ein del kurshaldarar ville også ha råd og vink om korleis dei best burde møte framtida med undervisingsopplegga sine, fortel Bergesen.