
Starter designarbeid på nytt kabelleggingsfartøy
Megamas Resources har signert kontrakt med Ulstein Design & Solutions AS om å starte detaljdesignet av et nytt kabelleggingsfartøy. Skipet er planlagt bygget ved Lloyd Werft i Tyskland og skal møte økende etterspørsel etter spesialiserte offshorefartøy.
Kaptein Tiew Sien Kheng, managing partner i Megamas, fortalde om kontrakten på Ulstein sin stand på Nor-Shipping-messa i dag, skriver Ulstein Group i ei pressemelding.
– Kontrakten markerer ein viktig milepæl etter intensjonsavtalen (LOI) som vart signert i mai mellom Megamas og Lloyd Werft, og legg til rette for den moglege bygginga av eit toppmoderne, fleirbruks kabelleggingsfartøy. Dagens avtale markerer det første formelle steget for å realisere dette prosjektet, fortalde Kheng.
– Ulstein Design & Solutions AS skal, saman med Lloyd Werft, bidra med sin omfattande ekspertise for å levere eit høgspekka, spesialisert fartøy. Det konseptuelle designarbeidet starta hausten 2023 med fokus på ULSTEIN SX228 – eit neste generasjons fiberoptisk kabelleggingsfartøy, utdjupa han.
– Vi er svært glade for å samarbeide med Megamas Resources på dette banebrytande prosjektet. ULSTEIN SX228 er designa for å møte dei høgaste standardane for effektivitet og berekraft. Teamet vårt skal, saman med Lloyd Werft, levere eit fartøy som ikkje berre møter, men overgår forventningane i industrien til subsea telekommunikasjon og fornybar energi. Denne kontrakten synleggjer vår lange erfaring innan design av offshorefartøy.
Skipet har ei dødvekt på 8 200 tonn og ein kabelkapasitet på 5 500 tonn. Det har ei lengd på 121,7 meter og måler 23 meter i breidda. Fartøyet er særleg optimalisert for legging av fiberoptiske kablar. Det er også førebudd for framtidige operasjonar med kraftkablar inkludert ein karusell under dekk som er integrert i kabeltankane.
To kabellinjer og alt naudsynt kabelhandteringsutstyr er plassert inne i eit lukka arbeidsområde, og sikrar at fartøyet kan utøve sikre og effektive operasjonar i utfordrande forhold. Andre funksjonar inkluderer ein ROV-hangar for grøftegravaren, ei 50-tonns A-ramme og ein slepekraftskapasitet opp til 120 tonn for grøfting på havbotnen.
Prosjektet er utvikla i samarbeid med Crewstone International Private Equity & Investments for å møte den globale mangelen på spesialiserte offshorefartøy. Desse skipa vil spele ei nøkkelrolle i å støtte både fornybar energi- og subsea telekommunikasjonsindustrien, sa Kheng, og heldt fram:
– Fartøyet er designa for å stette DNV sine Clean (Design) og Recyclable klassifikasjonsnotasjonar, som understrekar Megamas sitt engasjement for berekraftige praksisar og skipsbygging. Megamas tek sikte på å levere det første fartøyet innan utgangen av 2027.