
"Island Crown" på Titanic-ekspedisjon
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Island Offshore har inngått avtale med OceanGate Expeditions om bruk av "Island Crown" som støttefartøy under ein planlagd djupvassekspedisjon neste år- den første bemanna kartleggingsekspedisjonen av Titanic sidan 2005.
Det skriv rederiet i ei pressemelding.
Oppdraget vil ha ei varigheit på ti veker for "Island Crown" frå slutten av mai 2018, då fartøyet vil legge ut frå St. John’s, Newfoundland, med operasjonsbesetninga for ekspedisjonen om bord. Vitskapsmenn, innhaldsekspertar og spesialistar på undervassoppdrag vil verte frakta ut med helikopter for kvart ekspedisjonsoppdrag som varer om lag ei veke.
Les også: Skipsrevyens omtale av M/S "Island Crown"
Det er 20 personar med i ekspedisjonsteamet til ei kvar tid, inkludert undervasspilotar og operasjonsbesetning. Island Crown skal vere overflatefartøy og «base camp» og syte for husrom for ekspedisjonsdeltakarane heile ekspedisjonen gjennom.
- Dette er eit spesielt prosjekt som vi ikkje kunne takke nei til. Samstundes skil det seg ikkje så mykje frå oppdrag i offshorebransjen - "Island Crown" skal gjere det ho kan best; frakte folk og utstyr, og ta vare på klientane om bord. Vi er glade for å ha sikra arbeid for fartøyet for sommarmånadane neste år, seier administrerande direktør i Island Offshore Management AS, Håvard Ulstein i meldinga.
UNESCO legg føringane
Titanic ligg på 3800 meters djupne, og færre enn 200 personar har inspisert vraket sidan det sakk for 105 år sidan. For å kome til vraket har OceanGate fått laga eit undervassfartøy, Cyclops2, i karbonfiber og titan som vil ta ei besetning på fem personar ned mot 4000 meter.
Vraket har blitt eit minnesmerke over alle dei som omkom i forliset, og av respekt for desse og etterkomarane vil det ikkje bli tatt opp gjenstandar og vrakdelar frå Titanic. Retningsliner frå UNESCO for vern av verdsarvstadar under vatn legg føringane for ekspedisjonen.
Ekspedisjonsteamet skal i tråd med dette nytte det siste av undervass avbildingsteknologi med blant anna bruk av laser og sonar, til å vurdere tilstanden til skipsvraket og dokumentere kulturgjenstandar i området rundt. Ekspertar frå the Advanced Imaging and Visualization Laboratory (AIVL) ved Woods Hole Oceanographic Institute er samarbeidspartnar i prosjektet, og skal lage 3D fotografiske modellar av vraket ut frå avfotograferingane. Dette for å tette kunnskapsgapet om vraket, og for å sjå kva som må til for å bevare og beskytte denne verdsarvstaden for framtida.
Sommarsesongen 2017
Island Crown har også sikra seg arbeid for vår og sommar i inneverande år. Fartøyet har nett avslutta ein månadslang walk-to-work jobb for Bluestream på Nordsee One Windpark, og har denne veka starta på oppdraget for nederlandske Van Oord i same vindmøllepark. Fartøyet har arbeid fram mot slutten av september i år.