Håvard Stave

Håvard Stave ny salssjef

Håvard Stave er tilsett som ny salssjef ved Ulstein Verft. Dei siste fem åra har han vore designsjef ved Ulstein Design som ved årsskiftet blei en del av Ulstein Design & Solutions. Administrerande direktør ved Ulstein Verft Karsten Sævik er svært glad for at ny salssjef no er på plass.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Vi hadde fleire godt kvalifiserte både interne og eksterne kandidatar. Det er ekstra gledelig at vi fann den beste kandidaten til ei stilling på dette nivået internt i Ulstein. Stave har ein solid bakgrunn og mykje
erfaring som vi vil få stor nytte av.

- Eg gler meg til å ta fatt på oppgåva. Eg har stor respekt for utfordringane eg får lov til å jobbe med. Samtidig er eg veldig nysgjerrig på å lære meir saman med eit godt team som skal prøve å løyse desse oppgåvene, seier Stave og held fram:
- Ulstein Verft står framfor spennande tider, men kompetansen som er samla her og rundt oss i regionen er unik. Eg kjenner verftet frå arbeidet mitt i designavdelinga og ser fram til å få jobbe endå tettare ilag. Ambisjonen vår må vere å bidra til å utvikle endå fleire gode skipsløysingar for verdas kanskje beste offshore reiarlag, og overlevere dei til avtalt tid og pris. Slik Ustein Verft er kjent for å gjere, avsluttar Stave.

Før Stave kom til Ulstein Design var han ni år i Rolls-Royce Marine, avdeling Propulsion - Ulsteinvik, dei siste åra som teknisk sjef. Han har tidlegare også jobba i Kongsberg.
Administrerande direktør i Ulstein Design & Solutions Tore Ulstein seier at han gjerne skulle hatt med Håvard i det vidare arbeidet, men at han er glad for at verftet har fått på plass ein person med mykje erfaring og god kompetanse.
- Dette er eit fint eksempel på at vi kan ha flyt av kompetanse mellom våre selskap i Ulstein Group. Det er svært gledelig og gir mange muligheiter for både medarbeidarar og selskapa våre.