
Fekk 18 kontraktar
På to månader har Bjørge Marine Automation AS fått 18 kontraktar.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Det heile skuldast auka marknadsføring som ber frukter. På dei to første månadene av året har Bjørge Marine Automation AS vunne 18 nye kontraktar på leveransar av automasjonssystem for skip. Dermed er byrjinga av 2009 nesten like godt som det starten på fjoråret var. Alle kontraktane er på utanlandsmarknaden. Fleire av dei gjeld skip under bygging i Tyrkia, Kina og Spania. Det nærmaste heimemarknaden, er tre anlegg til eit finsk verft. Dette fortel Finn Inge Langeland. Han er administrerande direktør i Bjørge Marine Automation AS på Bømlo.
Snare i snuen
Mange av dei nye kontraktane har svært kort tidsfrist og må vera ferdig innan utgangen av mars.
- Kort tid, ja, men me er fleksible og vane med å snu oss fort rundt. Har me seks veker på oss, går det bra, forklarer han.
I 2008 leverte verksemda kontroll- og alarmsystem til nær 150 skip. Langeland tykkjer det er vanskeleg å spå framtida.
- Me merkar også finanskrisa, men det er berre to kjemikalietankarar som me skulle levert våre system til, som er blitt kansellerte, seier han. Opparbeidd ordremengd er intakt. Slik sett har selskapet vore heldige.
- Me leverer produkta våre til alle slags fartøy, dermed er me ikkje så sårbare, fortel Langeland.
Kan få 30 skip
Bømlo-verksemda kjempar no om å vinna ein stor kontrakt der automasjonssystema skal monterast i ein serie på 30 nye skip som skal byggjast.
- Ein veldig stor kontrakt for oss, som me naturleg nok håpar å kunna vinna, uttalar Langeland.
For å vinna fram internasjonalt oppretta selskapet i fjor avdelingar i Holland og Kina. Den hollandske avdelinga jobbar ut mot den europeiske marknaden med tanke på sal og marknadsføring, her er ein tilsett. I Kina er det fem tilsette som jobbar med alt frå sal, service til igangsetjing av anlegg.
Kursing og 30 år
I tillegg til produksjonen på Bømlo arbeider selskapet no med å utvikla ei kursavdeling. Her skal dei kursa kundane våre i systema dei lagar.
Langeland har tru på dette. Han meiner at denne delen av verksemda vil bli viktig i ei tid då oppdragsmengda kan gå ned på sikt.
- Å sysselsetja alle 42 tilsette er det viktigaste for oss, og då er det fornuftig å tenkja alternativt. Me har fått gode tilbakemeldingar frå kundane våre på at me lagar til ei kursavdeling, poengterer han.
2009 er elles eit merkeår for Bjørge Marine Automation AS. I år rundar verksemda 30 år.
Kilde:Sunnhordland