Rivingsarbeidet skal etter planen starte i midten av oktober og vere avslutta innan utgangen av året. Særleg her i Kjøde vil det vere mykje anleggsaktivitet.

No startar rivingsarbeidet for Stad skipstunnel

Kystverket har inngått kontrakt med AF Decom AS om riving av 18 bygningar i og ved anleggsområda for Stad skipstunnel. Arbeidet skal starte i midten av oktober og vere ferdig innan utgangen av året.

Publisert

Rivinga er ein del av dei førebuande arbeida før bygginga av Stad skipstunnel. To bygningar skal rivast ved Eidsstranda i Moldefjorden, 15 i Kjøde og éin på Sneide/Kjøde.

– Dette blir noko av den første synlege anleggsaktiviteten i området. Rivinga er nødvendig for å gjere områda klare før hovudarbeida med Stad skipstunnel tek til, seier prosjektleiar Jarle Strand.

Rivingsarbeidet skal etter planen starte i midten av oktober og vere avslutta innan utgangen av året. Særleg i Kjøde vil det vere mykje anleggsaktivitet i denne perioden.

– Vi skal gjennomføre arbeidet på ein trygg og ryddig måte, og halde innbyggjarane godt informerte om aktiviteten undervegs, seier Strand.

AF Decom skal utføre arbeidet

Fem leverandørar leverte tilbod i konkurransen. Eitt av tilboda blei avvist. AF Decom AS blei tildelt kontrakten etter ei samla vurdering av pris, klima og miljø og berekraft.

AF Decom hadde den lågaste tilbodsprisen og den beste beskrivinga av korleis klima- og miljøtiltak skal gjennomførast.

– Vi har fått gjennomgåande gode tilbod og god konkurranse. Det er viktig for oss at arbeidet blir gjennomført effektivt, og at vi legg til rette for mest mogleg ombruk og gjenvinning av materiala, seier Strand.

12 kilometer med vassleidningar

Kystverket har også inngått kontrakt med Telemark Seaworx AS om etablering av rundt 12 kilometer med sjøleidningar for vassforsyning til portalområda for Stad skipstunnel.

Leidningane skal gå frå Åheim til portalområdet i Kjøde og frå Moldestad i Moldefjorden til det sørlege portalområdet i Eidsstranda. Undervegs blir det fleire landtak og ventilhus.

Tiltaket er planlagt i samarbeid med Stad kommune og Vanylven kommune, som er med på å finansiere tiltaket. Vassleidningane skal sikre vassforsyning til portalområda, men vil også gi kommunane høve til å knyte til område som i dag ikkje har kommunal vassforsyning.

– Dette er eit godt døme på korleis utbygginga av Stad skipstunnel også kan gi varige forbetringar utover sjølve tunnelprosjektet. Når tunnelen står ferdig, er planen å føre vassleidninga gjennom tunnelen og knyte saman vassforsyninga på kvar side. Då vil vassforsyninga i Stad og Vanylven kunne fungere som reserve for kvarandre, seier Strand.

Arbeidet med vassleidningane startar i oktober og skal vere ferdig innan april 2027.

Både rivinga og etableringa av vassleidningane er førebuande arbeid som Kystverket gjennomfører i eigne entreprisar, uavhengig av hovudentreprisen for Stad skipstunnel.

Hovudentreprisen er tildelt AF Gruppen, og bygginga av sjølve skipstunnelen skal etter planen starte i januar 2027.