STADT med stor kontrakt for 8 PGS skip

Sunnmørsbedrifta STADT AS har sikra seg ei svært viktig kontrakt for inntil 8 nye skip som Petroleum Geological Services – PGS skal leige inn frå den færøyiske samarbeidspartnaren Thor Offshore. Skipa vert bygde ved Besiktas skipsverft i Tyrkia, og er designa av Skipsteknisk i Ålesund.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

For tøffe forhold

Skipa skal inngå i PGS sine operasjonar world wide, og får høgaste isklasse 1A DNV – og kan dermed operere i dei meste ekstreme områda i verda. Det er lagt stor vekt på å velge velprøvde tekniske løysingar som minimaliserer risikoen for driftsavbrot , og i den samanheng er det at STADT sin teknologi har vist seg å vere heilt suveren. Dette har PGS sjølv erfart på seismikk-skip dei allereie har i drift med tilsvarande STADT-teknologi. Den støyfrie STADT-teknologien er også perfekt for PGS sine skip som drive avansert datainnsamling ombord .

Miljøvennlig teknologi med mange muligheiter

STADT sine framdriftsteknologi er utvikla med tanke på berekraftig shipping, dvs å oppfylle dei strengaste internasjonale miljøkrava, lavast muleg drivstoff-forbruk og utslepp, fleksibel bruk av alternative energikilder som gass, diesel, biofuel, og mulegheiter for batteri eller brenselceller som supplement no eller ved seinare oppgraderingar av anlegget.

Komplett system-leveranse

Denne leveransen frå STADT omfattar alle dei sentrale delane i eit diesel-elektrisk framdriftssystem, som STADT STASCHO No-Loss AC Drives, elektromotorar for hovedframdrift og thrustarar , hovedtavler , nødtavler , Power Management System etc. Store transformatorar er ikkje nødvendig med STADT –teknologien, så her vert det kun levert små distribusjonstrafoar til 440 V og 230 V underfordelingar. STADT sin sinusteknologi eliminerer også bruken av harmoniske filter og ande PWM og THD-relaterte utfordringar om bord i skipa.

Kontrakta er av dei aller største som STADT har halt i land, og er eit internasjonalt gjennombrot for selskapet som no ekspanderer raskt.

Samarbeid med andre internasjonale aktørar

I dette prosjektet kjem STADT til å samarbeide nært med den japanske dieselgeneratorprodusenten Yanmar, samt den svenske propellprodusenten Berg Propulsion, eit valgt rederiet har gjort på fritt grunnlag.

Marknadsleier i Tyrkia

STADT har med dette etabler seg som den leiande leverandøren av elektrisk framdrift- system til verfta i Tyrkia, ein marknad som er i sterk vekst. - Slettevoll kan sjå lyst på framtida for selskapet han start opp i 1986 .