Prestfjord er levert frå Myklebust Verft

Den avanserte hekktrålaren Prestfjord er i dag levert frå Myklebust Verft til reiarlaget Prestfjord AS i Sortland. Den erstattar trålaren med same namn som blei levert frå Kleven for 25 år sidan.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Reiar Knut Roald Holmøy er glad for at norske verft er konkurransedyktige.
– Vi har hatt eit svært godt samarbeid med verftet og vil i løpet av kvelden gå direkte i fiskeri, seier Holmøy.

-Når kundane kjem igjen etter 25 år for å bygge hos oss så seier det meg at vi leverer gode båtar og er til å stole på, seier konsernsjef Ståle Rasmussen i Kleven Maritime.

Nye Prestfjord representerer ein ny generasjon miljøvenleg og driftssikker hekktrålar, der det er lagt stor vekt på miljø, optimale skrogliner med omsyn til stabilitet, fribord og ikkje minst sjøeigenskapar. Fartøyet er av typen NVC 368 frå Rolls-Royce. Prestfjord blir svært effektivt både som botn- og flytetrålar, og har ei miljøvennleg hybrid maskinløysing gjennom kombinasjonen av ordinær dieselmekanisk og dieselelektrisk framdrift. Enklare vedlikehald og minimalt støynivå er andre viktige faktorar. Særmerkt er også at all drift av vinsjar er elektrisk, inkludert heile 6 sweepevinsjar. Trålaren har ei lengde o.a. på 64,9 m, og breidde på 15,0 m.

Prestfjord er utstyrt med det nyaste innan fabrikkløysing som tek seg av fangsten fortløpande under fiske. Produkta går frå fabrikken via eit automatisk system for transport av kartongar og blokker til fryseriet. Det er lagt stor vekt på effektiv behandling av fisken og eit godt tilrettelagt arbeidsmiljø.

Båten har innreiing for 33 personar, men vil normalt segle med eit mannskap på ca. 20 personar.

Gamle Prestfjord vart bygd på Kleven Verft i 1987, og 25 år etter kan altså Kleven Maritime sitt verft i Gursken, Myklebust Verft, levere nye Prestfjord til reiarlaget.