Ombygginga av «Olympic Notos» er no fullført ved Ulstein Verft.

Ombygging av «Olympic Notos» fullført

Ombygginga av «Olympic Notos» er no fullført ved Ulstein Verft. Etter offshoretesting og siste justeringar er fartøyet snart klart for å starte i arbeid.

Publisert

Prosjektet har omfatta utskifting av det eksisterande gangvegsystemet (Walk-to-Work / W2W) med ei spesialisert løysing utvikla for Yggdrasil-utbygginga på norsk sokkel, med støtte til operasjonar på Munin-plattforma, heiter det i ei pressemelding frå Ulstein Verft.

– Dette prosjektet viser Olympic si evne til å gjennomføre komplekse modifikasjonar i tett samarbeid med kunden, verftet og sentrale leverandørar. «Olympic Notos» skal no gjennomgå offshoretesting og vil snart vere klar til å levere trygge og pålitelege W2W-operasjonar på norsk sokkel. Vi ser fram til å starte opp på Yggdrasil, seier Marius Bergseth, COO i Olympic.

Ombygginga har kravd omfattande integrasjon av nye system og utstyr.

Fartøyet er utstyrt med ein rørslekompensert gangveg. Det gjer at personellet kan bu om bord, samtidig som dei er sikra ein trygg og effektiv tilgang til offshoreinstallasjonar. 

Gangvegen fungerer også som ein viktig del av tryggingsoppsettet på feltet. Ombygginga har kravd omfattande integrasjon av nye system og utstyr, gjennomført i tett samarbeid mellom Ulstein, Olympic og Aker BP.

Ferdigstillinga av «Olympic Notos» er ein ny milepåle for ettermarknadsaktivitetane ved Ulstein Verft og eit døme på korleis eksisterande fartøy kan utviklast for nye behov.