MT 6015

Myklebusthaug Offshore kontraherer nytt fartøy

Myklebusthaug Offshore i Nord-Hordaland har kontrahert eit nybygg ved Kleven Maritime.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Fartøyet skal byggast ved Kleven Verft i Ulsteinvik, og vil innehalde ny, avansert teknologi som fører til betydeleg lågare drivstoff-forbruk.
Kleven Maritime har no ein ordrereserve på 11 skip til ein samla verdi på omlag 4 milliardar kroner.
- Vi er både glade og stolte over denne kontrakten, som er den fyrste med Myklebusthaug, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven Maritime. Fartøyet, som er av typen MT 6015 fleirbruks offshore-fartøy frå Marin Teknikk, inneheld også ny og avansert teknologi i form av ein ny måte å distribuere straum til dei elektrisk drivne hovudkomponentane om bord, eit såkalla DC Grid-system frå ABB. Systemet gir lågare effekttap i distribusjonen, noko som vil gje ein miljøgevinst i form av lågare drivstoff-forbruk, seier Rasmussen.
- Vi ser fram til samarbeidet med Kleven, og vi har tillit til at dei vil kunne handtere bygginga av dette innovative fartøyet på ein god måte, seier Roald Myklebusthaug, dagleg leiar i Myklebusthaug Offshore.
Kleven Maritime har dei siste åra flytta ein større del av byggeprosessen heim til Noreg. På dette prosjektet vil dei mest avanserte skrogseksjonane verte produserte ved Kleven Maritime sitt anlegg på Rovde og ved Kleven Verft i Ulsteinvik, i tillegg til produksjon av dei mindre avanserte delane i Polen.
Fartøyet skal leverast første kvartal 2013.
Skipet er av typen MT 6015 MPSV frå Marin Teknikk i Herøy, og er eit fleirbruks plattformservicefartøy. Dette blir det fjerde fartøyet av denne typen Kleven Maritime byggjer.
Andre lokale leverandørar til prosjektet er, i tillegg til Marin Teknikk, Hareid Group, Rolls-Royce og ABB, samt ei rekke andre mindre lokale leverandørar. Ringverknadene lokalt er såleis store og positive.
Fartyet har dødvekt på om lag 5 000 tonn, lengde 93,8 meter, breidde 20 meter og dekksareal på i overkant av 1100 m2. Fartyet har plass til 60 personar, og blir bygd etter den nye SPS-koden med innretningar som gjer fartøyet svært eigna for ROV- og konstruksjonsoppdrag. Med isklasse ICE 1B og DeIce vil fartøyet vere godt eigna for nordområda, og Stand by-klasse og avansert utstyr for oljeoppsamling (OIL REC - NOFO) vil auke attraktiviteten i marknaden.