MS Juanita ble levert fra Kleven i april 2014.

2015 – Kleven i hundre

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

2015 – Kleven i hundre

I 1915 sette Oskar J. Myklebust opp eit verkstadbygg ved osen i Myklebustelva i Gursken. Det markerte starten på dagens Myklebust Verft – og det som no er konsernet Kleven. Gjennom heile 2015 vil vi på ulike vis markere 100-årsjubileet.

“Det tok til i ein kjellar med ein ung arbeidsglad mann som lika å arbeide med jarn og mekanikk. Han såg på framvoksteren i sjøbruket: Større båtar. Sterkare motorar. Her var det ei teneste å gjere, ei næring å drive, eit arbeidsliv å setje i gang. Så gjorde han det.

Gjennomtenkt og trygt. Gjekk ikkje større til verks enn det han greidd etter kvart.

Arbeid vart det. Tungt arbeid. Lange dagar. Inntektene var ikkje store. Men utgiftene var deretter. Og det bar. Frå dag til dag. Frå år til år.

Unge folk overtok. Ein måtte fylgje med i dei omskifte som kom. Frå treskuter til stålskip. Frå 30-40-fotin¬gar til farty på 200 og nærmare 300 fot. Frå 10-12 hestekrefter til 3-4 tusen. Verkstadutstyret måtte tilsvare større og større oppdrag. Og det bar. Frå dag til dag. Frå år til år.

Så får ein ynskje at drifta får lukke til å gå vidare inn i framtida i det same gjennomtenkte og trygge faret. Til levebrød for mange. Til hjelp i bygda og kommunen sitt næringsliv.”

(Bjarne Rabben i etterordet til jubileumsboka som vart gitt ut i høve 75-årsjubileet til Myklebust Verft i 1990).

Kilde: Kleven