Stor ombyggingskontrakt til Myklebust Verft

Kleven Maritime skal utføre ei omfattande ombygging av offshorefartøyet Rem Fortune, frå plattform service-fartøy til multifunksjonsfartøy.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Fartøyet ligg no ved Myklebust Verft i Gursken, der det skal få montert ei 100-tonns offshorekran. Ombygginga inkluderer også installering av helikopterdekk, opning av moon-pool, montering av 8-tonns hjelpekran, anti-heeling system, mesanindekk og noko ROV-utrustning. Fartøyet skal vere klart til levering i midten av mars.
Myklebust Verft er eit kombinasjonsverft som satsar både på nybygg og reparasjons- og serviceoppdrag, og aktiviteten ved verftet er svært høg for tida, med fem båtar ved kai. Kleven Maritime har investert 70 millionar kroner i ny dokk som kjem til Myklebust Verft i løpet av våren. Dette er ei strategisk viktig satsing som set verftet i stand til å ta på seg enda større ettermarknadsoppdrag for offshoreindustrien. Dokka kan ta fartøy på opptil 170 meters lengde og 28,5 meters breidde, og har ein løfteevne på 15 000 tonn, noko som er omtrent det doble av dagens kapasitet på Myklebust Verft.
Det er inngått avtale om sal av Rem Fortune frå Rem Offshore ASA til Marine Platforms Ltd.