Ny kontrakt mellom Kleven Maritime og Olympic Shipping

Olympic Shipping har skrive kontrakt med Myklebust Verft om levering av eit MT 6009 L offshorefarty. Levering vert i september 2011.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Olympic Shipping har skrive kontrakt med Myklebust Verft, eit verft i Kleven Maritime konsernet, om levering av eit avansert fleirbruks plattformservicefarty, design MT 6009 L frå Marin Teknikk. Fartyet skal utrustast ved Myklebust Verft i Gursken. Leveringsdato er sett til september 2011. Årsaka til den raske leveringa er at ein nyttar eit skrog som allereie er ferdig, og som ligg klart til utrusting.
For dei tilsette ved Myklebust Verft tyder dette at ein slepp driftsstans og permitteringar, som ein elles har budd seg på ville kome. Før denne kontrakten låg det an til eit opphald i drifta på 2 – 3 månader, noko ein no ikkje vil oppleve. Kontrakten er såleis særs kjærkomen for verftet. Fartyet, som er utforma av Marin Teknikk i Tjørvåg, har ei lengd på 79,7 meter, breidde på 16,4 meter og eit dekksareal på 745 m2. Dødvekta er på om lag 3 500 tonn. Fartyet har stor innreiing med plass til 40 personar og inneheld innretningar som gjer fartyet godt eigna for ROV- og konstruksjonsoppdrag.
Kleven Maritime har no ein ordrereserve på 11 skip til ein samla verdi på 4,5 mrd. Med denne kontrakten har Olympic i løpet av kort tid kontrahert 3 skip til ein samla kontraktssum på over 1 mrd NOK ved Kleven Maritime.
”Vi er glade for å ha gjort kontraktane med eit lokalt verft der store deler av underleveransane til skipa kjem frå lokale aktørar. Dette viser at den lokale maritime næringsklynga er konkurransedyktig”, seier reiar Stig Remøy.