Rekordinvestering for Kleven Maritime
Kleven Maritime investerer ca. 70 millionar kroner i ny dokk på Myklebust Verft. Dette er den største investeringa i Myklebust Verft si 97-årige historie.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
- Dette er ei  betydeleg satsing for konsernet, og eit sterkt signal om vår tru på  fortsatt skipsbygging i Noreg, seier konsernsjef i Kleven Maritime,  Ståle Rasmussen.  
Den nye dokka har no blitt slept frå St.  Petersburg, Russland, til Polen der den skal få utført  oppgraderingsarbeid før ferda går vidare til Noreg og Myklebust Verft i  Gursken. Planlagt ankomst er medio april. 
Dokka skal nyttast  både til eigne nybygg og til vedlikehalds- og reparasjonsarbeid. Den er  170 meter lang, 40 meter brei og 18 meter djup, og har ein løfteevne på  15 000 tonn, noko som er omtrent det doble av dagens kapasitet på  Myklebust Verft. 
- Vi vil no ha mulegheit til å dokke båtar med  ei lengd opptil 180 meter og ei bredde på 28 meter, noko som betyr at  det vil opne seg mulegheiter i ein større marknad, seier Hans Kristian  Opsal, plassjef ved Myklebust Verft.