Sigurd Viseth / Foto: Ulstein Group

Ny viseadministrerande direktør ved Ulstein Verft

Sigurd Viseth er tilsett som viseadministrerande direktør ved Ulstein Verft. Han tek til i stillinga neste veke.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Ulstein Verft har eit stort potensial. Å få vere med i dette teamet ser eg fram til med glede, seier Viseth. Han kjem frå Wärtsilä Norway AS og stilling som direktør med ansvar for sal i Noreg. Før dette arbeidde han seks år som adm. dir. i Tussa-24 AS, og har også solid erfaring frå skipsindustrien etter 17 år i Klevensystemet i ulike direktørstillingar.
Administrerande direktør Karsten Sævik ønskjer å ta ei enda meir aktiv rolle i arbeidet med sal og kundeoppfølging. Dette gir behov for avlasting i selskapsinterne oppgåver.
- Eg ser fram til at Sigurd byrjar med oss. Sigurd vil vere min stadfortredar, sitje i stab til meg og vere medlem i leiargruppa. Han får ansvar for å følgje opp interne oppgåver, spesielt områda Innkjøp, Engineering og Produksjon. Som tidlegare selskapsleiar både i vår eigen og andre bransjar har Sigurd ein god bakgrunn for å bidra til å styrke denne oppfølginga, seier Sævik.