Designet UT 776 CDG

Island Offshore og Rolls-Royce satsar på offshorefartøy på naturgass

Island Offshore utvidar flåten med to nye supplyfartøy av Rolls-Royce design type UT 776 CDG - dei første offshorefartøya av Rolls-Royce design som skal bruke naturgass som drivstoff.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Reiarlaget har alt fire fartøy av typen UT 776 i operasjon og to under bygging.
- Vi er svært nøgde med eigenskapane til skipa våre med dette designet, og det same er kundane våre, seier Håvard Ulstein i Island Offshore.
- Difor er det naturleg for oss å velje dette designet også for dei neste supply-fartøya våre. Det er òg eit viktig poeng for oss å redusere drivstoff-forbuket. Båtane våre av UT 776-design har gunstige skroglinjer som sørger for eit svært lavt forbruk av drivstoff ved ei rekkje operasjonar. Vi trur at den viktigaste faktoren i arbeidet med å redusere utslepp er å redusere forbruket for ei gitt oppgåve. Å gå over til naturgass for å redusere utsleppa ytterlegare er eit logisk steg for oss. Det designet vi no har kontrahert set ein standard som vi har stor tru på vil halde seg godt også i framtida, seier Håvard Ulstein.
- Rolls-Royce har i fleire år jobba med å utvikle design og system for offshorefartøy som nyttar naturgass som drivstoff, seier Atle Gaasø, salssjef for offshore service-fartøy i Rolls-Royce.
- No som meir av infrastrukturen for gass-distribusjon er på plass, er det mogleg for kundar å faktisk velje å gå over til dette drivstoffet – og dermed også desse designa og systema. Vi set stor pris på samarbeidet med Island Offshore, fordi vi ser at dei er eit innovativt reiarlag som har eit sterkt fokus på effektivitet og miljøomsyn. Dette har dei mellom anna vist gjennom pionerarbeidet med brønnintervensjonsfartøy, også desse av Rolls-Royce design.
- Skipa våre av UT 776 design har blitt utvikla frå skip til skip, basert på erfaringane vi har fått. Dagens design set ein standard som vi har stor tru på vil halde også i framtida, og vi ser ikkje behov for å gjere dei store endringane, seier Håvard Ulstein.

Fartøya skal byggast ved STX Offshore Norway sitt verft i Brevik, som også tidlegare har bygd fleire fartøy for reiarlaget.