«Nexans Electra» blei sjøsatt sist veke.

«Nexans Electra» sjøsatt i Ulsteinvik

Den 13. november 2025 vart skroget til kabelleggingsfartøyet (CLV) «Nexans Electra» sjøsett frå dokkhallen ved Ulstein Verft, eit viktig steg på vegen mot ferdigstilling. I løpet av tida ved Ulstein Verft har skroget vore under tak i dokkhallen i eit kontrollert miljø, som gir optimale forhold for arbeidsmiljø og kvalitet på malingsarbeidet.

Publisert Sist oppdatert

Sjøsettinga er meir enn eit punkt i prosjektlogistikken, det markerer eit symbolsk steg i bygginga av eit fartøy som skal spele ei nøkkelrolle i å realisere Nexans sin visjon om å elektrifisere framtida, heiter det i ei pressemelding. 

Nexans er ein global, leiande aktør innan design og produksjon av kabelsystem og tenester for havvindprosjekt og undersjøiske samband. 

Når skipet no har blitt flytta frå dokkhallen til utrustingskaia, er det eitt steg nærare til å bli ein sentral ressurs i den globale energiomlegginga ved å legge undersjøiske kablar som koplar fornybare energikjelder til verdas kraftnett.

Frå sjøsettinga av «Nexans Electra».

Fartøyet nærmar seg slutten av utrustingsfasen, som har inkludert installasjon av kritiske system som hovudgeneratorar, kraftpakke, dekksmaskineri og dekksutstyr. 

Sjøsettinga markerer starten på ferdigstillinga med dei siste installasjonane og målingsarbeidet, før alle system skal testast og justerast fram mot prøvetur våren 2026.

Eit fartøy bygd for framtidas energibehov

«Nexans Electra» er utvikla for å møte den aukande etterspurnaden etter høgspent undersjøiske kabelinstallasjonar, som er avgjerande for havvindparkar, samband og elektrifisering på store djup. 

Med kapasitet til å leggje opp til fire kablar samtidig og ein total kabelkapasitet på 13 500 tonn fordelt på tre kabelkarusellar, er «Nexans Electra» konstruert for effektivitet, presisjon og robustheit sjølv under dei mest krevande maritime forhold.

«Nexans Electra» er ute av dokkhallen ved Ulstein Verft.