Foto: Skipsrevyen/Morten Halvorsen

Rett frå dåp og ut i jobb

I helga vart det Havyard-bygde skipet ”Sjoborg” døypt i strålande solskin i Bergen, og allereie denne veka går fartyet rett  ut i fast jobb for Statoil.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Færøværingar og nordmenn smilte om kapp med vårsola då 200 gjestar tok del i dåpen av Havyard Group sitt bygg nummer 106, ”Sjoborg”, sist laurdag. ”Sjoborg” er eit Havyard 833-design, og er bygd ved Havyard Ship Technology AS (HST) i Leirvik.

Skipet er levert ei veke før kontraktsdato.
–Dette er takka være flott innsatse frå alle involverte, seier prosjektleiar Jobjørn Løland ved HST.

”Sjoborg” var døypt av gudmor Linda Hèrdalur, og etterpå var det omvisning ombord før middag med taler og underhaldning av den færøyiske artisten Lena Anderssen.

TREDJE HAVYARD-SKIPET

Reiarlaget, Supply Service, er svært nøgd med det nye skipet som er det tredje Havyard-designet som er levert til reiarlaget på Færøyane. Det er det andre Supply Service-fartyet som er bygd ved Havyards verft i Leirvik. Og om tre månader er bygg nummer fire til fæøyværingane klart for levering ved Havyards verft i Leirvik.

-Det er ein stilig og flott båt, sa ein stolt Tummas Justinussen som er administrerande direktør i Sjöborg PF-gruppen som inkluderer reiarlaget Supply Service . Justinussen trekker spesielt fram det gode forholdet til det Fosnavåg-baserte konsernet som avgjerande for at dei har valt å byggje fire båtar frå same firma.

Selskapet er bygd opp av Tummas sin far, Osmund Justinussen. Familieselskapet har eigd nærare 40 fiskebåter i løpet av like mange år, og satsar no tungt på offshore-industrien. Og det ser ut til at Justinussen har treft spikeren midt på hovudet. Havyard-skipet ”Sjoborg” går nemleg rett fra dåp og ut i fast jobb for Statoil denne veka.

LITE STØY

-Vi er glade og stolte over å ha levert et nytt skip til Supply Service. Dette er det første nybygget av eit Havyard 833-design som er levert, og vi har store forventningar til at dette vert eit godt skip for reiarlag og chartrer. At skipet no går inn på fast jobb for Statoil tek vi som eit teikn på at Havyard stadfestar si sterke stilling i marknaden som leverandør av moderne og kostnadseffektive skipsdesign, seier verftsdirektør ved Havyard Ship Technology AS, Trygve Solaas.

Prosjekleiar Jobjørn Løland ved HST legg til at støynivået ombord er svært lågt. -Det tilfredstillar no Comfort klasse V2 som er ei klasse lågare enn det som er spesifisert, sier Løland.