Fjord1 med verdas største gassferje på Boknafjorden

Fjord1 døyper i dag MF Boknafjord, verdas største gassferje. Ferja, som er levert av Fiskerstrand BLRT AS, blir sett inn i rute på Boknafjorden i sambandet Arsvågen – Mortavika i Rogaland – og vil i tillegg sikre at Halhjem-Sandvikvåg-sambandet i Hordaland no får ei reserveferje. Trafikken på desse ferjesambanda har auka svært mykje sidan Fjord1 tok over driftsansvaret i januar 2007.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Dåpen skjer ved Fiskerstrand Verft AS i Ålesund, med samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa som gudmor. Kleppa har allereie signalisert at ei eventuell gudmorgåve vil bli gitt vidare til eit velgjerande formål.
Hyppigare avgangar og løysing på C-ferjeproblematikken
Statens vegvesen, som er Fjord1 sin kontraktspart på sambandet, bestilte den nye gassferja på grunn av stor trafikkauke i området. Den nye ferja vil sikre auka kapasitet på sambandet Arsvågen-Mortavika, og vidare bidra til at ferjene på Halhjem – Sandvikvåg får avløysing ved behov. Dermed vil ei sjette gassferje i området også sikre at det blir slutt på at C-ferja vert kansellert på Halhjem-Sandvikvåg-sambandet. C-ferje merkinga går dermed ut av rutetabellen frå årsskiftet.
Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa påpeikar at den nye ferja vil gi ein ny kvardag for brukarane av sambandet.
- Dette er ein gledesdag for trafikantane. Med denne tredje ferja i operasjon på Boknafjorden sikrar vi avgang kvart 20. minutt – samanlikna med kvar halvtime som er dagens løysing.
Konsernsjef i Fjord1, Leif Øverland er svært nøgd med å få løyst utfordringane i takt med trafikkutviklinga.
- Utan denne løysinga ville det blitt aukande kapasitetsproblem etter at T-forbindelsen er på plass.
Oppdragsgjevar, Statens vegvesen, ser óg fram til at den sjette gassferja no vert sett inn i trafikk.
-Trafikkveksten på desse to sambanda har vore mykje kraftigare enn prognosane våre viste ved oppstart av kontrakten i 2007. Køar og ventetider har tidvis vore lenger enn det vi ønskjer å tilby trafikantane våre. Difor ser vi fram til at den nye gassferja kjem i drift, og gratulerer Fjord1 med nybygget, seier seksjonsleiar Øyvind Haaland på Veg- og transportavdelinga i Statens vegvesen Region vest.
I 2011 vil 2,2 millionar køyretøy bruke dei to sambanda, og samla tal reisande vil være nær fem millionar. Ved planlagde verkstadopphald og driftsproblem elles vil ei av dei tre ferjene på sambandet Arsvågen – Mortavika også vere reservefartøy for Bjørnefjorden. Sambandet Arsvågen – Mortavika vil då gå etter rutetabell som gjeld i dag.
Miljøvenleg løysing
Øverland viste til at dette er også er ein stor dag for miljøet, ettersom dei naturgassdrivne ferjene er svært miljøvenlege med redusert NOX-utslepp på om lag 90 %.
- Vi er opptatt av å ha minst mogleg negativ innverknad på miljøet vi operer i og synes difor det er gledeleg at styresmaktene har eit sterkt fokus på miljøvenlege former for energibruk i anbodssamanheng, seier Leif Øverland, konsernsjef i Fjord1.
Ut over gassdrifta gir skrogdesign og meir effektiv motor- og propulsjonsteknologi ytterlegare miljøsparing gjennom reduksjon av drivstoff forbruk og metanutslepp og andre skadelege avgassar.
Ved overgang frå diesel til naturgass som drivstoff vert praktisk talt alle utslepp av partiklar (røyk/sot) fjerna, samt alle utslepp av svovel. Vidare vil CO2-utslippet bli redusert med heile 25 %.

Fjord1 leiande i verda på gassferjer
Fjord1 har lenge fokusert på miljøvenlege transportløysingar. Selskapet, som sette i drift verdas første gassferje Glutra i Møre og Romsdal i 2000, er leiande i marknaden på drift av bilførande gassferjer. Ferjesambanda på Kyststamvegen (E39) i Rogaland og Hordaland har sidan 2007 blitt trafikkert av fem slike ferjer frå Fjord1. Denne tredje ferja på Arsvågen-Mortavika – som også skal avlaste Halhjem-Sandvikvåg – vert såleis den sjette gassferja i dette området. Fjord1 vil i løpet av 2011 ha 12 gassferjer i drift langs Norskekysten – som gjer selskapet leiande i verda.
- Vi har eit auka fokus på miljø i alle ledd i selskapet, og ser fram til å ta i bruk denne moderne og framtidsretta ferja i vår rutetrafikk, seier adm. direktør i Fjord1 Fylkesbaatane Stig Kristoffersen. Fjord1 Fylkesbaatane er operatør av desse gassferjene.
Om MF Boknafjord
Den nye gassdrivne ferja er designa av Multi Maritime AS i Førde og har ei total lengde på 129,9 m, ei største bredde på 19,2 m og ein kapasitet på 242 personbilar eller 22 vogntog i kombinasjon med personbilar. Ferja har plass til 600 passasjerar inkl. mannskap. Ferja er bygd iht. Det Norske Veritas klasse, har ei dødvekt på vel 1350 tonn og er på vel 7500 bruttotonn. Vidare er skipet utrusta med 4 azimuth thrustere som vert drivne av eit gass-elektrisk anlegg beståande av 3 store LNG gass motorar og vekselstrømgeneratorar. Gassmotorane vil gje ein servicefart på over 20 knop.