Arbeidsleiar Paul Myrvågnes plasserte mastemynten.

Mastemynten på plass

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Fredag den 7. november la arbeidsleiar Paul Myrvågnes ved Ulstein Verft på plass mastemynten til byggnummer 302, eit konstruksjonsskip for Island Offshore/Edison Chouest Offshore.

Deretter vart den første seksjonen, ein dobbeltbotn, sett på plass på putene i dokkhallen. Skipet er eit konstruksjonsskip som skal leverast i slutten av 2015.

Ein viktig milepæl i eit skipsbyggingsprosjekt er kjølstrekken. Kjølstrekken inneber starten på skrogoppbygginga i dokk. I Ulstein Verft-samanheng er dette når den første seksjonen vert posisjonert oppe på betongputene i dokkhallen, og ved desse høva vert mastemynten plassert oppå éi av putene. Mastemynten er ein gammal tradisjon som skal gi hell og lukke til skipet og sikre god inntening.

Fleire representantar frå Island Offshore var til stades i dokkhallen og følgde løftet av den 28 meter breie, 22,5 meter lange og 380 tonn tunge dobbeltbotnen. Seksjonen er produsert ved Ulstein Verft si avdeling i Vanylven og har kome til Ulsteinvik på lekter.