Ny PSV frå Ulstein blir støttefartøy til nordsjøbrønnar

Byggnummer 298 frå ULSTEIN, ‘Blue Guardian’, eit plattform forsyningsfartøy av Ulstein PX121-designen, har fått kontrakt på å vere støttefartøy til jack-up-riggen Mærsk Giant, som skal jobbe på to ulike brønnar på norsk sokkel i Nordsjøen.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kontraktane er inngått med høvesvis Det Norske Oljeselskap ASA og Repsol Exploration, og har ei estimert totallengd på fire månader.

‘Blue Guardian’ er snart ferdigstilt, med ei planlagt levering frå Ulstein Verft i slutten av månaden. Estimert oppstart på kontraktsarbeidet er sett til midten av juli. Skipet er eigd av Blue Ship Invest, og vil bli drifta av Remøy Shipping.

PX121-designen har synt seg å vere svært ettertrakta i marknaden, og samtlege av dei fire tidlegare leverte skipa for Blue Ship Invest har gått inn på faste kontraktar.