©Vard

Rolls-Royce skal levere dekksmaskineri og motorar til Bourbons nye ankerhandteringsfartøy

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Rolls-Royce skal levere komplett dekksmaskineri og hovudmotorar til eit offshore ankerhandteringsfartøy (AHTS), designa for arktiske tilhøve. Fartøyet byggast av Vard for Bourbon Offshore Norway.

Kontrakten har ein verdi på om lag NOK 170 millionar for Rolls-Royce.

Dekksmaskineriet frå Rolls-Royce består av ankerhandteringsvinsjar, hjelpevinsjar, ankerhandteringskraner og utstyr for sikrare dekksoperasjonar. Framdriftssystemet vil bestå av to hovudmotorar og tre generatorsett. Ror og styremaskin inngår også i ordren. Ankerhandterarar er bygde for å handtere ankera til oljeriggar og å utf øre flytting av oljeriggar. Dei kan også fungere som forsyningsskip og dette fartøyet kan også vere med på redningsoperasjonar.

– Bourbon har valt å gå for stor kraft og stort volum på både ankerhandteringsvinsjane og hjelpevinsjane. Dette betyr at fartøyet vil være i øvste klasse når det gjeld vinsjekapasitet samanlikna med alle ankerhandterarar som er bygde til no, fortel Johnny Lorgen, områdesalssjef hjå Rolls-Royce i Brattvåg.

Rolls-Royce vil også levere alle mekaniske, hydrauliske og elektriske komponentar til dekksmaskineripakken som er utvikla i nært samarbeid med verft og reiarlag.

Fartøyet er designa av Vard Design, utvikla for ankerhandtering i heile verda. Det er 93,6 meter langt og 24 meter breitt, og har slepekraft på om lag 270 tonn. Fartøyet er tilrettelagt for ROV (fjernstyrt undervassfarkost).

Fartøyet vil bli drifta av Bourbon Offshore Norway og skal leverast frå Vard Brattvåg i fyrste kvartal av 2016. Skroget vert levert frå Vard Tulcea i Romania.