Foto Per Eide Studio

Levering av ‘Blue Queen’

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

I dag 24. februar 2015 vart ‘Blue Queen’, eit plattform forsyningsskip av typen PX121, overlevert til Blue Ship Invest frå Ulstein Verft.

Skipet er det første av to skip som reiarlaget Golden Energy Offshore frå Ålesund har driftsavtale for.

Til saman 30 skip av denne designtypen har blitt kontrahert av ulike reiarlag for bygging på verft kringom i verda, og ‘Blue Queen’ er det niande som er bygd ved Ulstein Verft. Mannskapa på dei leverte skipa gir særs gode tilbakemeldingar, mellom anna på godt gjennomtenkte løysingar om bord, høg standard på innreiing, god komfort, samt skipa si evne til å halde oppe operasjonell drift sjølv i dårleg vêr. 

- I Golden Energy Offshore har vi alle driftsfunksjonar innanfor selskapet, og vi ser fram til å samarbeide med Blue Ship Invest, seier konsernsjef Per Ivar Fagervoll i Golden Energy Offshore.

"Blue Queen" vert omtala i Skipsrevyen 2/2015.