Kjetil Haanes og Per Sævik etter signering av avtalen den 29. april. Foto: Havila Holding.

Havila Holding AS går inn i Bakkar og Berg Media AS

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Havila Holding går inn som 33,4 % medeigar i medieselskapet Bakkar og Berg Media AS, som står bak næringslivsportalen NETT NO (www.nett.no).

Kapitalutvidinga gjer at Bakkar og Berg Media får tilført to millionar kroner. – Dette er svært gledeleg. Kapitalutvidinga fører til at vi no er økonomisk godt rusta til å intensivere satsinga, seier redaktørane Kjetil Haanes og Ogne Øyehaug i NETT NO.

Dei meiner at Havila Holding er ein god medeigar. Selskapet eig frå før 50 % av Skipsrevyen.

Havila Holding har lang erfaring som medieeigar, og har vist seg å vere ein langsiktig og profesjonell eigar. Avtalen sikrar også at Bakkar og Berg Media er godt forankra på Nordvestlandet.

Dagleg leiar Per Sævik i Havila Holding seier at han er imponert over NETT NO. – Næringslivet treng kvalitetsjournalistikk. Dette er viktig for utviklinga av næringslivet i heile regionen, og for å synleggjere næringslivet både nasjonalt og internasjonalt. Difor ønskjer vi å vere med på å støtte denne satsinga.

Emisjonen med Havila Holding fører til at NETT NO får økonomiske ressursar til å utvikle nye produkt og styrke den redaksjonelle satsinga, spesielt innretta mot Ålesund-regionen.

NETT NO vart starta i desember 2013 og er ein abonnementsbasert nyheitsportal om næringsliv, med spesiell fokus på dei 22 kommunane på Sunnmøre og i Nordfjord. NETT NO gir også ut trykte publikasjonar om næringslivet.

Bak satsinga står dei erfarne næringslivsjournalistane Ogne Øyehaug og Kjetil Haanes, saman med Eirik Staurset og Olav Sindre Kriken i Racer AS. Staurset held fram som dagleg leiar, medan Kriken vert ny styreleiar. Vegard Sævik går inn i styret i Bakkar og Berg Media for Havila Holding.

I tillegg til redaksjonell satsing, har NETT NO ei rekkje annonseprodukt på ulike medieplattformer, mellom anna Stilling ledig-konsept på Facebook. Marknadsansvarleg er Magnus Myklebust.