Ny brønnbåt produserer ferskvatn frå sjøen

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Det Hareid-baserte brønnbåtselskapet Intership AS planlegg å installere eit eigenutvikla system for behandling av lakselus og amøbegjellesjukdomen AGD på sin nye brønnbåt MS Inter Caledonia.

I samarbeid med utstyrsprodusenten Peter Taboada SA i spanske Vigo og Skipsteknisk AS i Ålesund, har Intership lukkast med å re-designe eit ferskvassanlegg (omvendt osmose), slik at ein får plass til eit stort anlegg om bord i ein brønnbåt.

Saman med tilknytt system, vil ein kunne fylle båten raskt med ferskvatn og dermed kunne drive kontinuerleg ferskvassbehandling av oppdrettsfisk mot lakselus og AGD, uten tilførsel av ferskvann frå eksterne kilder.

Selskapet har inngått ein femårsavtale med Marine Harvest Scotland for bruk av anlegget på den Skipsteknisk-designa brønnbåten MS Inter Caledonia, ein båt som no er under bygging ved Besiktas skipsvert i Tyrkia. Den 69,9 meter lange og 17 meter breie brønnbåten har et netto brønnvolum på 2.000 kubikkmeter, og skal vere ferdig rundt komande årsskifte.

Systemet er patentsøkt.

Intership vart etablert i 2013. I tillegg til nybygget MS Inter Caledonia, opererer selskapet brønnbåten MS Christine under ein langtidsavtale med Grieg Seafood i Finnmark samt brønnbåten MS Roy Kristian for Marine Harvest Canada, British Colombia.