
Ikkje lengre konstituert
Gunvor Ulstein er utnemnd som konsernsjef i Ulstein Group.
- Gunvor Ulstein representerer tredje generasjon i Ulstein Group. Ho har hatt fleire stillingar i Ulstein, men allereie som 29-åring i 1999 tok ho på seg toppleiarrolla, ei stilling ho hadde i nesten 22 år, fram til 2020. Gunvor representerer kontinuitet, og ho har leia konsernet gjennom oppturar og nedturar.
I november 2023 kom den tidlegare konsernsjefen i Ulstein Group, Gunvor Ulstein, tilbake som konstituert konsernsjef. I eit styremøte i Ulstein Group den 25. januar 2024 vart ho utnemnd som konsernsjef i Ulstein Group, skriv selskapet i en pressemelding.
Tore Ulstein er styreleiar i Ulstein Group, og han er nøgd med at Gunvor tek på seg rolla som konsernsjef.
- Ulstein sin strategi er berekraftig vekst, internasjonalisering og innovasjon. Vi er ein solid og langsiktig partnar, som bidreg til at kundane våre får auka konkurransefortrinna og redusert risikoane dei møter. I meir enn hundre år har Ulstein levd opp til forventingar i marknaden, og har vore nytenkande og nyskapande. Med skaparglede skal vi kombinere ferdigheiter, kunnskap og kreativitet for å kome med nye konsept, løysingar og produkt som kan løfte den maritime sektoren inn i framtida.
- Gunvor er opptatt av å skape resultat saman med alle våre dyktige tilsette. Vi er trygge på at ho vil spele ei nøkkelrolle i å realisere Ulstein sitt potensial i åra som kjem, konkluderer Tore Ulstein.
Les også:
-
Møre og Romsdal i kampen om fregattkontraktene: – Made in Norway bør være et krav
Både Vard og Ulstein kan bygge Forsvarets nye fregatter. Nå er de to verftene løftet frem i møter på Stortinget – med bred støtte fra hjemfylket.
-
Prisdryss til Ulstein
Tre av Ulsteins skipsdesign er blant vinnerne av Work Boat World Awards 2024.
-
– Ganske store aktører har meldt sin interesse
Ulsteins nye design reduserer kostnader og miljøavtrykk i havvindindustrien.
-
Dette blir det største X-BOW-skipet til no
Japanske Penta-Ocean Construction har gitt Ulstein Design & Solutions B.V., Rotterdam, oppdraget med å designe sitt nye tungløftsfartøy for installasjon av havvindfundament.
-
Sikra rekordstor ettermarknadskontrakt
Ulstein Design & Solutions AS har signert sin største ettermarknadskontrakt til no for kabelleggingsfartøyet «Orient Adventurer». Kontrakten med Dong Fang Offshore (DFO) omfattar både design og engineering, med bidrag frå fleire av selskapa i Ulstein.