Statsbudsjettet:
Halverer ferjekostnadene
- Vi sørgjer no for at ferjetakstane blir halverte, og innfører gratis ferje til øyar og samfunn utan veg til fastlandet, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Som ein del av budsjettframlegget for 2023 foreslår regjeringa å bruke 420 millionar kroner til gratis ferje og til å redusere takstane til 50 prosent samanlikna med takstane 1. januar 2021. Dette kjem i tillegg til dei midlane som allereie blir brukt i dag til reduserte ferjetakstar.
Om lag 290 millionar av desse kronene går til fylkesvegferjene, som blir fordelte over rammetilskottet over budsjettet til Kommunal- og distriktsdepartementet.
Enklare å bu i distrikta
– Vi ønskjer å gjere det enklare å bu i distrikta. Det er viktig for denne regjeringa. For mange er ferja livsnerven i samfunnet. No foreslår vi altså å halvere takstane og å utvide ordninga med gratis ferjer. Det er eit viktig tiltak for å lette kostnadene for innbyggjarane, seier samferdselsministeren.
Takstendringane skal etter planen bli innførte 16. august 2023.
Oversikt over dei ferjene regjeringa legg til rette for å gjere gratis:
| Fylke | Samband |
| Agder | Launes - Kvellandstrand |
| Møre og Romsdal | Aukra - Hollingsholmen |
| Møre og Romsdal | Brattvåg - Dryna |
| Møre og Romsdal | Edøya - Sandvika |
| Møre og Romsdal | Solholmen - Mordalsvågen |
| Nordland | Festvåg - Misten |
| Nordland | Forøy - Ågskardet |
| Nordland | Horn - Andalsvåg |
| Nordland | Sandnessjøen - Dønna - Løkta |
| Nordland | Søvik - Herøy |
| Rogaland | Mekjarvik - Kvitsøy |
| Rogaland | Vassøy |
| Troms og Finnmark | Stornes - Bjørnerå |
| Trøndelag | Levanger - Hokstad |
| Trøndelag | Ølhammeren - Seierstad |
| Vestland | Krokeide - Hufthamar |