Rem «Artic» har fått kontraktar med Well Expertise.

Rem Offshore takkar mannskapet for nye kontraktar

Kontraktane sørgjer for at Rem vil halda fram med høg flåtutnyting i løpet av 2023, skriv dei i ei pressemelding.

Publisert Sist oppdatert

I same pressemelding takkar dei mannskapet for høg ytelse som har leia til desse kontraktane.

Rem «Cetus», Rem «Insula» og Rem «Server» vert forlenga med eitt år med Apache North Sea Limited i britisk sektor. Rem har hatt fleire skip på charter med Apache dei siste åra.

Rem skriv vidare at dei er stolte over å fortsetja dette forholdet, og at ein slik utvidelse syner tillit og tru på organisasjonen deira.

Rem «Artic» har fått kontraktar med Well Expertise (DNO Noreg ASA og Wellesley Petroleum AS) for brønnar som støttar Deepsea Yanti, og 2+2 brønner med Neptune Energy som støttar same rigg.

Rem «Commander» er tildelt ein 14 brønns plugg- og oppviselseskontrakt med Spirit Energy North Sea Oil Limited som er rekna å vara i 10 måndar.

– Me er også glad for å kunngjera at Rem «Trader» har gått inn i eit siste kampanjeår med Van Oord ved St.Brieuc vindpark: Fartøyet er fast til 1. juni og Van Oord har opsjoner fram til midten av august.