Odfjell gjer endringar i konsernleiinga.
Odfjell gjer endringar i konsernleiinga.

Odfjell stokkar om konsernleiinga

Alle tre kjem frå direktørstillingar i same fagfelt som dei no blir konserndirektør for.

Publisert Sist oppdatert

Odfjell SE kunngjorde i dag at konsernet har utnemnt tre nye medlemmar til konsernleiinga. Tidlegare COO-stillinga vil no opphøra.

– Me er tilfreds med at tre interne kandidatar har teke på seg yttarlegare leiaransvar. Dei har alle ekspertise og erfaring som vil sikra kontinuitet og progresjon. Eg ser fram til å samarbeida tett med teamet og organisasjonen vår for å nå Odfjells strategiske, komersielle og operasjonelle mål, seier CEO, Harald Fotland i ei pressemelding.

Saman med Fotland og CFO Terje Iversen, skal no Bjørn Hammer, Torger Trige og Adrian Lenning utgjera den nye konsernleiinga.

Hammer kjem frå stillinga som direktør for kommersiell drift og vert konserndirektør i same fagfelt. Det same gjeld Trige, som rykker opp til konsernleiinga med ansvar for teknisk drift. Lenning vil ha ansvaret for konsernets terminalverksemd.