Hege-Merethe Bengsson legg pengane på bordet på vegne av Norsk Sjømannsforbund, Norsk Sjøoffiserforbund og Norsk Maskinistforbund.
Foto: Anders Huke
Hundretusen takk til Radio Medico
Det var bodskapen frå dei tre sjømann-organisasjonane.
For under Radio Medico sin konferanse delte Norsk Sjømannsforbund, Norsk Sjøoffisersforbund og Norsk Maskinistforbund ut ei gåve til Radio Medico.
Radio Medico er ei telemedisinsk legevaktteneste for sjøfolk som er tilgjengleg 24 timar i døgnet. Ei livsviktig tenest for folk på sjøen ifølgje brukarane deira.
- Me ynskjer på vegne av dei tre organisasjonane å gje dykk ei anerkjenning på vegne av våre over 22.000 medlemmar.