Testar nye sjømerke langs kysten
Nye, norskutvikla sjømerke vert no sett ut på utvalde stadar frå Kragerø til Sørvær. Med sterkare lys og smartare design skal dei nye «trafikkskilta til sjøs» testast i nokre av dei tøffaste forholda langs kysten.
Etter månader og år med utvikling, testing og samarbeid på tvers av mange fagmiljø, er Kystverket sine nye sjømerke no ferdig innreidde og klare for utplassering, heiter det i ei pressemelding.
Det er Kystverket sjølv som har utvikla den nye typen sjømerke av typen HIB, som både gir sterkare lys, tåler meir ver og er lettare halde ved like. No vert dei ni første eksemplara sett ut på ulike stader langs kysten, frå Kragerø i sør til Sørvær i nord. Målet er å få teste sjømerka gjennom vintermånadene, for å gjere eventuelle forbetringar.
Sjømerke i stadig utvikling
Noreg har ein krevjande og variert kyst, og Kystverket jobbar difor kontinuerleg med å utvikle og forbetre både teknologi og design på sjømerka. Fleire nordiske land nyttar i dag sjømerke som opphavleg er utvikla i Noreg.
– Med over 22 000 sjømerke er Noreg blant landa med flest sjømerke i verda. Den lange og utfordrande kysten vår gjer god sjømerking svært viktig for navigasjon og trygg ferdsel til sjøs, seier Roger Holgersen, seksjonssjef i prosjektseksjonen.
Ein ny generasjon sjømerke
Ein viktig del av innovasjonsarbeidet er tett involvering av mannskapa på eigne fartøy og vedlikehaldslag, som er dei som best kjenner utfordringane i ute i felt.
– Eit viktig mål er å gjere vedlikehaldet av sjømerka enklare, meir effektivt og tryggare for dei som jobbar med dette til dagleg. Men det aller viktigaste er sjølvsagt sjøsikkerheita – at desse viktige navigasjonsinstallasjonane blir godt synlege og mest mogeleg driftssikre for dei som brukar sjøvegen, seier avdelingsleiar Trond Røren i avdeling for rederi, fyr og sjømerking.
Sterkare lys – og mindre fugleskit
Denne gongen er det hurtigbåtmerke (HIB – lanterne med indirekte belysning) som både har fått oppgradert design og ny teknologi.
Video: Kystverket
– Prototypen inkluderer justeringar som plassering av batteri nedst, slik at mannskapet slepp å klatre i toppen. Den har også sterkare lys, større solcellepanel og eit design som gjer det vanskeleg for fugl å lande. Det siste kan høyrast trivielt ut, men fugleskitt, særleg frå skarv, kan redusere funksjonaliteten til sjømerket og utgjere ein helserisiko for mannskapa våre, seier senioringeniør Per Erik Ose i prosjektseksjonen.
I vinter skal Kystverket teste om dei nye sjømerka faktisk taklar det dei er utvikla for.– Alle prototypane har fått rystingsmålarar for å avsløre eventuelle svakheiter i konstruksjonen, og vi skal sjå om montering, inspeksjon og vedlikehald kan gjerast trygt i praksis. Nokre av merka står på stader der dei tidlegare fekk straum frå sjøkabel, så her testar vi òg om solenergien gir sterkt nok lys for brukarane, forklarar seksjonssjef Holgersen.
Dersom alt fungerer som det skal, blir prototypen finjustert etter erfaringar frå vinteren, før Kystverket lyser ut kontrakt for produksjon. Målet er at den nye typen HIB skal bli standard frå 2027 og gradvis erstatte dagens merker.
Her vil du finne dei nye sjømerka:
Søraustlandet:
Knubbhausen (Innsegling Kragerø - ca uke 51)
Svartskjær (Innsegling Farsund - over nyttår)
Vestlandet:
Store Bleikja (Innsegling Langevåg, Bømlo)
Lamholmflu (Seilingsleid Feøy – Haugesund - uke 49)
Nordvestlandet:
Korsfluda (Innsegling Ålesund - ferdig)
Eltraneset (Innsegling Ålesund - ferdig)
Nordland:
Bergholmen (2 stk, innsegling Træna - uke 49)
Finnmark:
Skarvskjæret (Innsegling Sørvær - uke 49)