Har designa fartøy for tungtransport
Eit aukande behov i offshore vindmarknaden er årsaka.
Offshore-vind bransjen veks og for å møta krava til dei stadig større offshore-vind komponentane som skal transporterast over heile verda har Ulstein designa transportfartøyet HX121.
Designet har Ulstein X-Bow som skal betra sjødyktigheita, maskimera dekkskapasiteten og optimalisera skipet for lågt drivstofforbuk, skriv dei i ei pressemelding.
Designet skal vera effektivt og balansert. Det nyttar allereie utprøvd teknologi og kan bli skreddarsydd for DP2.
Dei trur den noverande flåten av tungtransportfartøy ikkje møter den framtidige etterspurnaden til havvindsegmentet og peikar på at det i løpet av dei neste 10 åra er det spådd at offshore vind skal stå for 380 Gigawatt, fordelt på 32 marknadar.
Det betyr at i tillegg til ein stor installasjonsfartøysflåte er det naudsynt med tonnasje for å transportera fundament og vindturbinar, frå alle stadar i verda til hamner eller offshore- felt.
Ulstein skriv i pressemeldinga at marknaden no ser etter meir effektive og lågutsleppsfartøy for å transportera dei store komponentane.
- HX121 er utvikla i samband med industripartnarar for å tilpassa denne generasjonen av tungtransportfartøy til nøkkelkrava, fortel Edwin Van Leeuwen, som er administrerande direktør i Ulstein Design & Solutions BV.
HX121 er det nyaste og største designet Ulstein har i sin portefølje av tungtransportfartøy.
For å finna den optimale hovuddiemsjonane og servicehastigheitane har dei nytta det dei kallar Ulstein Blended Design-metoden. Dette gjev moglegheita til å minimera mengden drivstoff per transporterte komponent, ved å finna dei optimale dimensjonane og hastigheit for transporten av komponentane.
Designet har òg fokusert på lasting og lossing ved å nytta roll-on roll-off teknologi (Roro).
Skipet er desginet for metanol, noko som skal tilfredstilla marknadens etterspurnad av lågutsleppsdrivstoff. Dei peikar på at å driva fartøyet med grøn metanol vil redusera karbonavtrykker dramatisk, medan E-metanol til og med kan redusera det til null.
Dei hevdar det er det beste valet av drivstoff, då det er sikrast, enkelet og lagra og relativt billig å produsera.
Les også:
-
Ulstein-kontrakt på havvindfartøy til NYK
PaxOcean Group skal bygge et nytt servicefartøy for havvind for japanske NYK Line. Fartøyet får design og systemleveranser fra Ulstein og skal leveres i 2029.
-
Ny rapport: Dette vil forme skipsfarten frem mot 2050
Motorvalgene som gjøres de neste ti årene vil få stor betydning for hvilke drivstoff skip faktisk bruker i 2050. Samtidig vil drivstoffkostnadene være avgjørende for hvor raskt nye drivstofftyper tas i bruk. Det viser en ny rapport.
-
Skroget er på vei til Norge
Island Offshores nye konstruksjonsfartøy har fått vann under kjølen for første gang. Nå setter skroget kursen mot Vard Langsten, hvor det skal utrustes frem mot levering i mars 2027.
-
Kuttet tapet – men driften gikk svakere
Westcon Yards økte omsetningen til 2,4 milliarder kroner i 2025. Likevel vokste driftsunderskuddet.
-
Ship of The Year 2026: Her er de nominerte
Juryen i Ship of The Year har valgt ut årets tre fartøy som kjemper om tittelen Ship of The Year.