CEO Njål Sævik, CTO Svein Rune Smådal og COO Runar Smådal fortel mellom anna at gjennom desse 25 åra under Havila-flagget så har ein teke ut rundt 30 nybygg til ein verdi på ein stad mellom 10 og 15 milliardar kroner.

Havila rundar 25 år: – Å drive reiarlag var det vi kunne

Det er 25 år sidan Havila-namnet var sjøsett, og i offshore-delen av Havila har ein på den tida mellom anna teke ut rundt 30 nybygg og hatt tusenvis av tilsette.

Den første gongen Havila-namnet vart registrert i Brønnøysundregisteret var hausten 1997, under namnet Havila Holding. I årskiftet 97/98 kom Havila Supply og i januar 1998 vart dei første nybygga kontrahert ved Simek i Flekkefjord og hjå Kleven i Ulsteinvik, skriv Havila Shipping i ei pressemelding.

Desse 25 åra med offshore-historie står på skuldrane av Sævik Supply som starta i 1981 – og eigarfamilien sine røter i fiskeri og maritim næring heilt tilbake til 50-talet.

Hausten 1997 vart Sævik Supply selt til amerikanske Trico, men berre månader seinare var Havila Supply oppe å gå.

– Nei, det å drive reiarlag var det vi kunne, då, seier administrerande direktør i dagens Havila Shipping, Njål Sævik om kvifor ein tok valet med å gå inn i offshore-næringa på nytt og kvifor det gjekk så raskt.

Nesten frå første dag var det var kontrahering av nye skip og overtaking av skip frå reiarlag i nabolaget, og etter eit lite år gjekk Havila Supply på børs hausten 1998 med tolv skip, kjem det fram i pressemeldinga.

Stabilitet og stamina

Dagens leiar, Njål Sævik, har vore med sidan starten og før det. Han følgde gutedraumen om å bli skipper og starta som fiskar før han tok nautisk utdanning og gjekk gradene i offshore. Han var på sin siste tur på «Northern Clipper» i januar 1997, då som kaptein. På land var han innom HMS-avdelinga, så frakt og operasjon før tok over som kaptein på Havila Shipping-skuta.

I løpet av første året vart Jostein Sætrenes tilsett som CFO. Han er no styreleiar i Havila Shipping. Svein Rune Smådal vart med på teknisk avdeling og er no CTO i Havila Shipping. Og etter nokre få år kom dagens COO, Runar Smådal, med i drifta.

Svein Rune Smådal fortel at det til og begynne med ikkje var så veldig gode tider.

– Det var såpass skralt at eg huskar Per Sævik sa til oss at dersom vi brukte meir enn 5.000 kroner så ville han gjerne vite om det.

Men så kom ein opptur som ein nærast ikkje såg ende på.

– Då minna Per oss om at ingenting veks inn i himmelen. Og han fekk rett.

Rundt 30 nybygg

Etter nokre år vart Havila Supply kjøpt av franske Groupe Bourbon, og igjen var det berre få månader før eit nytt reiarlag vart registrert; Havila Shipping ASA.

Gjennom desse 25 åra med Havila-historie innan offshore har ein teke ut rundt 30 nybygg til ein verdi på ein stad mellom 10 og 15 milliardar kroner.

– Vi hadde ei tid den nyaste flåten i næringa og vi vart svært tidleg ute med det grøne skiftet. Mellom anna hadde vi den første båten med katalysator. Områdeberedskap var også eit anna felt der vi var tidleg ute.

Med så mange skip har det også vore naudsynt med mykje folk, og dei tre mimrar attende til det store konferansebordet fulle av gule lappar der ein la kabalen for korleis ein skulle bemanne opp skipa.

Dyktige sjøfolk

Njål Sævik seier Havila har vore heldige med ei stabil grunnstamme av folk og mykje dyktige sjøfolk på skipa sine.

– Slik har vi kunne levert dei tenestene vi skal – og litt til, og blitt kjende for å vere til å stole på. Dei tilsette er også årsaka til at vi har kvalitetsskip som er i god stand.

Gjennom åra har det vore Havila-skip over heile verda. Nordsjøen har vore hovudbase, men Havila har vore utanfor Australia, Afrika, Asia, Sør-Amerika, i Mexicogolfen, utanfor Canada og heilt opp mot Nordpolen. Dei har også hatt kontor i Singapore, Rio de Janeiro, Malaysia og Aberdeen, der ein framleis er representert.

Inn i mellom har det dukka opp heilt spesielle oppdrag som å jakta på oldtidsskip i Svartehavet, søk etter havarert fly utanfor Malaysia og slep av isfjell frå Grønland.

Det har vore festdagar som då det var båtdåp og store vassfontener med fifi-utstyr under opninga av Eiksundtunnelen, eller overtaking av gromskuter som dykkerskip og subseaskip.

Men så har det også vore harde dagar med finanskrise, oljekollaps og refinansering.

Konsern med over 2300 tilsette

Gjennom 25 år med Havila-namnet har Sævik-familien i tillegg til Havila Shipping bygd opp eit konsern med investering og drift innan eigedom, reiseliv, transport og skipsteknologi. Selskapa der Havila Holding eig over femti prosent, har 2300 tilsette og over ein milliard i omsetning.

Av større satsingar dei seinare åra kan ein nemne Hav Group, Fjord1, fleire hotell i Norge og på Færøyane og ikkje minst Havila Kystruten, som med sine fire nye skip er den største reiselivssatsinga på norskekysten nokon gong.

Målet har heile tida vore å skape nye verdiar, utvikle lønsame arbeidsplassar og bygge samfunn – til nytte og gagn.