«Medstraum»
«Medstraum»

Verdas første heilelektriske hurtigbåt klar for rutetrafikk

No set MS Medstraum kursen frå Fjellstrand verft mot Stavanger. Der ventar spente pendlarar på å ta i bruk det banebrytande og utsleppsfrie fartøyet.

Publisert

– I Rogaland gler me oss veldig til å få «Medstraum» på plass i hamnebassenget i Stavanger. Eg er imponert over alle bedriftene som har bidrege frå planlegging til bygging av det som no er verdas første heilelektriske hurtigbåt. Snart kan Kolumbus sine pendlarkundar reisa både miljøvenleg og nærast lydlaust på sjøen, til og frå jobb og skule, seier fylkesordførar i Rogaland, Marianne Chesak.

Rogaland fylkeskommune sitt mobilitetsselskap Kolumbus eig Medstraum, som skal i rute mellom Stavanger, Byøyene og Hommersåk på seinsommaren, når testing på strekninga er unnagjort.

Rask og effektiv

Tradisjonelle hurtigbåtar på fossilt drivstoff er utsleppsverstingar i nærskipsfarten, verda over. Sjølv om Kolumbus har få hurtigbåtar i sin flåte, kjem innsettinga av «Medstraum» til å gjera store positive utslag i klimarekneskapen.

– Me er svært glade for å endeleg få levert det nye flaggskipet i verda når det kjem til hurtigbåtar. Kolumbus har eit mål om å vera langt framme i å ta i bruk ny og miljøvenleg teknologi. Selskapet har i dag 10 snøggbåtar, nokre ferjer og 450 bussar i drift. Sjølv om «Medstraum» skal overta den minst energikrevjande ruta vår, vil me kutta utslepp tilsvarande om lag 60 bussar kvart år. Det vil seia 1500 tonn CO2, seier prosjektleiar Mikal Dahle i Kolumbus.

– Det har vore både utfordrande og lærerikt å byggja dette fartøyet, det har jo aldri vore gjort før nokon stad. Hurtigbåtar krev mykje energi, difor var det viktig å gjera «Medstraum» både lettare og mykje meir effektiv enn andre hurtigbåtar i marknaden. Det har me klart, og det gjer oss både stolte og glade. Det er revolusjonerande at eit så stort fartøy kan gå i 23 knop i ein heil time – berre ved hjelp av elektrisitet, seier salssjef ved Fjellstrand verft, Edmund Tolo.

Frå verdas første utsleppsfrie ferje til utsleppsfri hurtigbåt

I 2015 bygde Fjellstrand verft på Omastrand i Hardangerfjorden, verdas første batteriferje, Ampere. Det blei starten på ein elektrisk ferjerevolusjon i Norge. I dag, berre sju år etterpå, har me rundt 70 nullutsleppsferjer i drift i norske fjordar.

– Me merkar allereie svært stor internasjonal interesse for nullutsleppsfartøyet «Medstraum» . Aktørar verda over ser no til det me får til i vår maritime klynge. Dette kan verkeleg vera starten på eit nytt industrieventyr. Ikkje berre har partnarane i prosjektet utvikla og demonstrert eit nytt og utsleppsfritt framdriftssystem som kan halda høgare fart enn før, me har også tatt i bruk heilt nye modulære design- og byggemetodar som vil revolusjonera måten me byggjer båtar på i framtida. Det er ekstra stas at det er norske teknologibedrifter som her går fremst, seier Hege Økland, administrerande direktør i Maritime CleanTech, som har initiert og etablert dette industrisamarbeidet som har fått støtte frå EU.

Dei norske industripartnarane har henta inspirasjon frå bil-, fly- og togindustrien under bygginga av fartøyet. Samarbeidet er støtta av både EU og Rogaland fylkeskommune.

– Den modulere tankegangen er heilt sentral i prosjektet. No kan ein setja saman ulike, ferdige modular, som kan byggast på ulike stader, for å skreddarsy båtar til ulike formål. Det blir litt som å bygga med lego. Dette vil spara både tid og pengar i design- og byggefasen. Det vil også gjera det enklare å få fleire båtar ut i marknaden raskare. På den måten kan me raskare nå komande utsleppskrav ved å bytta ut fossile hurtigbåtar med heilelektriske – som «Medstraum», seier Økland.

Når «Medstraum» no kjem til si nye heimehamn, ventar testing av rute og infrastruktur, før Kolumbus om kort tid set verdas første heilelektriske hurtigbåt inn i rutedrift.