Høglund Marine Solutions
Høglund Marine Solutions

Vert storeigar i Høglund Marine Solutions

Eitzen Group vert majoritetsaksjonær i Høglund Marine Solutions.

Publisert

Høglund Marine Solutions og Eitzen Group signerte onsdag ein investeringsavtale der Eitzen Group vert majoritetsaksjonær i Høglund Marine Soloutions gjennom ein emisjon.

I ei pressemelding vert Høglund Marine Solutions skildra som ein leiande leverandør av berekraftige automasjons- og energiløysingar for maritime industri, med system som er installert på meir enn 600 skip over heile verda.

– Me ynskjer Eitzen Group velkomen som majoritetseigar inn i Høglund. Me er overtydde om at dette samarbeidet vil frigjera nye moglegheitar for begge organisasjonar, samt sikra vårt nærvær i shippingmiljøet som den føretrukne leverandører av kvalitetssystem innan automasjon, kontroll og energiløysingar, seier administrerande direktør i Høglund Marine Solutions, Børge Nogva.

Lang erfaring

Eitzen Group held til i hovudstaden, og er ein familieeigd maritime organisasjon med 140 års erfaring innan shipping.

Investeringa dei no har gjort forsterkar Eitzen Group sine langsiktige forpliktingar til berekraftig skipsfart med fokus på framtidsretta skipsteknologi, og som pådrivar for endring i næringa.

– Høglund er ei sterk merkevare, og som leverandør av kvalitetsautomatisering og energisystem vurderar me dei til å vera i første rekkje når det kjem til utforming av framtidas skipsfart. Me er glade for å bli ein del av eit sterkt team og audmjuk over moglegheita til å spela ei aktiv rolle i styret frammover, seier Fridtjof C. Eitzen.