Green Yard Kleven i Ulsteinvik.

Droppar pålegg til verft etter dødsulykke

Arbeidstilsynet har lukka tilsynet mot Green Yard Kleven i Ulstein etter dødsulukka i februar.

Publisert

Green Yard Kleven fekk for ei tid tilbake varsel om fleire pålegg frå Arbeidstilsynet etter dødsulykka ved verftet i februar, der ein arbeidstakar omkom etter å ha blitt treft av ei fallande stålplate.  

– Vi kjem ikkje med dei pålegga vi varsla, for bedrifta har levert dokumentasjon på at dei har eit godt nok HMS-system, seier seksjonsleiar i Arbeidstilsynet, Jan Petter Sæbø til Vikebladet Vestposten.

Arbeidstilsynet peika på fleire forhold ved HMS-arbeid som dei meinte ikkje var i samsvar med regelverket, då dei vart varsla om pålegga. Green Yard Kleven var derimot ikkje einig: 

– Det er gjort eit betydeleg arbeid med kartlegging og risikovurdering, planlegging av tiltak og informasjon til tilsette. Etter ei slik tragisk ulykke vil Green Yard Kleven likevel gjere det ein kan for å unngå at noko liknande kan skje igjen, skreiv administrerande direktør i Green Yard Kleven, Hans-Jørgen Fedog, til Arbeidstilsynet på vegner av bedrifta.

Straks etter ulykka sette selskapet i verk fleire tiltak. I den interne gransking identifiserte dei nokre tiltak som i ettertid er følgt opp og sett i verk.