Ulstein Verft i Ulsteinvik.

Meir enn dobla inntekter

Ulstein Group hadde i 2024 ei omsetning på 3,1 milliardar kroner og eit driftsresultat på 198,8 millionar kroner.

Publisert Sist oppdatert

Samanlikna med 2023 er omsetninga meir enn ein dobling av inntektene som då enda på 1,4 milliardar. Også driftsresultatet er markant høgare enn i 2023, då resultatet enda på 49,2 millionar. Resultatet før skatt enda i 2024 på 135,1 millionar, mot 40 millionar i 2023, heiter det i ei pressemelding frå Ulstein.

Ulstein Verft leverte to konstruksjonsstøttefartøy (CSOV-skip) til Olympic i 2024. Dette er dei første leverte skipa som baserer seg på den prisvinnande TWIN X-STERN®-løysinga, som det totalt har vorte bestilt ti av så langt. 

Reiarlaget kan vise til reduksjonar i drivstofforbruk og utslepp på nær 50 prosent, samanlikna med andre seglande CSOV-ar. 

Nybyggingsaktivitetar for konsernet inkluderer åtte Ulstein-designa CSOV-ar til tre ulike reiarar, for tida i ulike konstruksjonsfasar, eit stort kabelleggingsskip for Nexans, og eit ekspedisjonscruiseskip for SunStone Ships, nummer sju av ULSTEIN CX103-designet i SunStone sin Infinity-klasse. 

Saman med engineeringskollegaene våre i Gdynia, har designteamet i Rotterdam utvikla eit tungløftskip for japanske Penta-Ocean Construction. Eit anna høgdepunkt inkluderer design av eit neste generasjons steininstallasjonsskip, som integrerer avanserte steinhandterings- og fallrørsystem.

18 ettermarknadsoppdrag

På tvers av selskap har Ulstein sine team vore involvert i ulike ettermarknadsoppdrag i 2024, og sikrar at skipa held seg konkurransedyktige og i samsvar med maritime standardar. Ulstein Verft handterte 18 service- og ettermarknadsoppdrag, der ombygginga av fôrbåten «Eidsvaag Pioner» var det største. Dette store prosjektet involverte installasjon av eit moderne fôrsystem, og involverte alle avdelingar ved verftet.

«Olympic Boreas».

Ulstein Power & Control har ein portefølje på 450 skip og held fram med å tilby global service og garantistøtte. Målet vårt på lang sikt er å minimere effekten av dei sykliske variasjonane i den maritime industrien ved å fokusere på ettermarknad og ombyggingar, digitale produkt og tenester, saman med skipsbygging, design og løysingar.

For å akselerere overgangen til eit lågutsleppssamfunn og samtidig auke produktiviteten i den maritime verdikjeda, ser Ulstein på nye måtar å bruke data og digitale verktøy. Vi nyttar data frå sensorar installert på skipa gjennom vår skip-til-sky-baserte løysing Blue Box (tm), for å analysere og gi skipseigarane betre beslutningsstøtte i sine marine operasjonar, i tillegg til å forbetre og optimalisere designa våre.

Geopolitisk usikkerheit

Som i tidlegare år fører den geopolitiske situasjonen til usikkerheit, og fokuset på sikkerheit og beredskap har blitt ytterlegare intensivert. Med dette som bakteppe er Ulstein førebudd på å kunne bidra aktivt til å styrke den maritime sikkerheita i Noreg og resten av Europa.

Utviklinga av Ulstein Group sine resultat framover vil i stor grad bli påverka av geopolitiske forhold, marknadsetterspurnaden i våre prioriterte segment, inflasjon og tilgang til kvalifisert arbeidskraft. I tillegg til eigen prosjektstyrings- og gjennomføringsevne, og stabile og konkurransedyktige rammevilkår.