Stortinget

Uventa partisamarbeid fremja felles forslag

Fra 1. januar 2024 kan skipsfarten koma inn i EU Emission Trading System (EU ETS), men kva tyder det?  

Publisert Sist oppdatert

Eus klimakvotesystem, EU ETS er ein del av EU sitt arbeid med å redusera utslepp av klimgassar.

Hovudprinsippet er at det vert sett eit tak for dei samlande lovlege utsleppa i EU og EØS gjennom at eit visst tal utsleppskvoter som er tilgjengleg i kvotemarknaden. 

Ei kvote gjev kjøpar løyve til å sleppa ut eitt tonn med CO2-ekvivalentar.  Det tyder at for skip av ein viss storleik skal 100 prosent av utslepp frå seglingar innad i EØS, og 50 prosent av seglingar til og frå, rapporterast og betalast for.

Dette vil omfatta 1600 reiarlag frå heile verda, og dei bur seg no på korleis kvotehandel og administrasjon for 11000 skip skal funka i praksis. 

Men kva skjer med pengane som vert betalt for klimakvoter?

Når systemet er fasa inn vil innbetalingane frå skipsfarten utgjera ein betydleg sum. Norges Rederiforbund reknar at sine medlemar, som er omlag 420 skip, er estimert til 250 millionar euro årleg.

Ein del av summen går til EU sitt innovasjonsfond, medan ein større andel av kvoteinntektene vil koma attende til medlemslanda. 

For EU-land er det bestemt at 100 prosent av ETS- inntekten skal gå tilbake til grøne energi- og klimatilak. Noreg er i dag unnateke dette kravet om øyremerking gjennom tilpasningar i EØS avtalen.

Instillinga innlemmar 

Stortingets energi- og miljøkomite gav 28. november si instilling til Regjeringa sittt forlsag til ny klimakvotelov, i forbindelse med at skipsfarten skal innlemmast i EU ETS. 

Noregs Rederiforbund meiner Noreg bør følgja EU sitt eksempel og sørgja for at auka kvoteinntekter vert øyremerka og ført attende til grøn maritim omstilling. Dette gjev insentivar til å kutta utslepp på eksisterande skip og sikra finansiering av ny grøn teknologi i skipsfarten, meiner dei. 

Dette vert drøfta og votert over 5. desember.

Fremjar forslag

Frp og MDG gjekk samla inn for å fremja følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringen opprette et maritimt CO2-fond basert på kvoteinntektene staten får fra den maritime næringens innbetalinger til det europeiske kvotehandelssystemet. Regjeringen bes utarbeide et forslag til innretning i samarbeid med maritim bransje, og komme tilbake til Stortinget.»

- Me er glade for at Frp og MDG fremjar dette forslaget. Det er viktig at det raskt kjem ei avklaring på korleis kvotemidlane skal nyttast når norsk skipsfart vert ein del av EUs kvotehandelssystem (EU ETS) frå 1. januar, seier administrerande direktør i Norges Rederiforbund, Harald Solberg.

- Når kvotehandelssystemet er fullt fasa inn i 2026 vert det anslege at norske reiarlag vil betala 2-3 milliardar i avgifter, pengane må etter Rederiforbundets syn prioriteres til grøn omstilling i maritim næring.  Andre EU-land er forplikta til å bruka EU ETS-midlar på klimatiltak, og Noreg risikerar å tapa konkurransekraft dersom me legg oss på eit lågare ambisjonsnivå.

- Forslaget frå Frp og MDG er eit godt forslag som me støttar fullt ut.  Det er svært skuffande at regjeringspartia og Høgre ikkje støtta forslaget

Følgjer saken tett

Rådgjevar i Kystrederiene Karsten Sprenger fortel at dei følgjer dagens hendingar på Stortinget tett, spesielt med tanke på votering om opprettelse av eit maritimt CO2-fond.

- Me i Kystrederiene håper sterkt på eit fleirtal for forslaget frå MDG og FrP. Me anser etablering av dette fondet som ein kritisk faktor for å fremja berekraft og miljøansvar i den maritime sektoren. Ved å nytta kvoteinntektene frå den maritime næringa sine innbetalingar til det europeiske kvotehandelsystemet, kan fondet bidra til å akselerera overgangen til grønare maritime verksemd. Dette er òg eit tiltak som vert diskturet i forhandlingar om eit maritimt klimarekneskap mellom staten og den maritime næringa. 

 - Det er essensielt at alle partia ikkje berre nyttar fine ord om miljø og berekraft, men at dei også handlar konkret og gjennomfører når det kjem til slike avgjerande avstemmingar. Dette er ein gylden moglegheit for Stortinget å syna at Noreg tar klimaendringane på alvor, og er villige til å investera i berekraftige løysingar i maritim sektor. 

 - Me ser fram til utfallet av dagens votering og håpar på eit positivt resultat som kan styrka både den maritime sektoren og målet om å nå utsleppskrava i 2030 og i 2050.

Voteringen skal skje klokka 15.00.

Les også:

stortinget co2 fond eu ets klimakvote norges rederiforbund